Kantor/organist

 

Kantor / organist - Bore kyrkelyd

 

Den norske kirke, Klepp kyrkjelege fellesråd

 

Bore kyrkjelyd er i vekst og utvikling og har ledig stilling som kantor/organist. 

Kyrkjelyden har ca. 3300 medlemmar i DnK og det er stort innslag av menneskje i alle aldrar. Kyrkja blei utvida i 2013 fordi ho vart for lita. Bore kyrkjelyd er ein spennande kyrkjelyd med mykje godt arbeid og eit stort frivillig engasjement. Stillinga vil gå inn i ein stab som pr. i dag består av dagleg leiar, sokneprest, trusopplærar, ungdomsarbeidar, sekretær og menighetspedagog. Diakon er felles i fellesrådet. Staben har kontor i soknet, i Bjørkestubben 4. 
Kantor/organist spelar ei viktig rolle i kyrkjelyden. Me har forskjellige typar gudstenester med varierte musikalske uttrykk. Me har vanlege høgmesser, familiegudstenester og G2. G2 er ei annleis gudsteneste som er meir moderne i forma enn høgmessa, og kor me brukar band/ husorkester. Kantor/organist må kunne ta aktiv del òg i denne typen gudstenester. Mange frivillige er med og bidreg på gudstenestene.
www.borekyrkje.no

 

Arbeidsoppgåver:

  • Tenestegjera ved gudstenester, vigsler, gravferder og ved institusjonsandakter 
  • Koordinera og leia kyrkjelyden si musikalske verksemd, herunder kor, forsongarar og frivillige musikarar 
  • Bidra til gudstenesteutvikling i samarbeid med stab, gudstenesteutval og andre aktørar 
  • Engasjera frivillige i gudstenestearbeidet
  • Bidra til eit variert og heilskapleg song- og musikkliv i eit kyrkjelydsbyggjande perspektiv i tråd med kyrkjelyden sin visjon 
  • Stillinga samarbeider med kantor i Klepp når det gjeld vigslar og gravferder i Klepp kyrkjelege fellesråd sitt område

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend kyrkjemusikalsk utdanning, eller anna relevant utdanning/erfaring

 

Personlege eigenskapar:

  • Kunne meistra ulike musikalske uttrykksformer 
  • Engasjement og initiativ 
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna til stillinga 
  • Gode samarbeidsevner

 

Vi tilbyr:

  • Spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø 
  • Løn etter gjeldande tariff 
  • Kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring i KLP

    Annet

  • Søkjar må disponere bil då ein tenestegjer i ulike kyrkjer i kommunen ved gravferder og vigslar
  • Den som blir tilsett må kunne legge fram politiattest, som ikkje er eldre enn 6 mnd.

 

Bore kyrkjelyd er ein aktiv kyrkjelyd i Klepp kommune. Vår visjon er: "Sett, famna og utforda".  Kyrkjelyden er i sterk vekst og vi er i gang med å utvide kyrkja. Gjennomsnittsalderen er låg og det er mange aktive unge og unge vaksne. Det er årleg 50 døypte og kyrkjelyden har 1100 barn og unge i alderen 0-18 år. Bore kyrkjelyd driv eit aktivt barnarbeid og har eit velutvikla konfirmant og ungdomsarbeid. 

Arbeidsgiver Klepp kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Klepp
Publisert 2016-08-12
Søknadsfrist 2016-09-02
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Klepp kyrkjelege fellesråd

Klepp
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger