Prostiprest / sokneprest

Prostiprest / sokneprest med sokna i Hornindal, Nordsida og Randabygd, 2. gangs utlysing - Nordfjord prosti

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest/prostiprest i Nordfjord prosti. Stillinga som er ledig har ansvaret for sokna Hornindal, Nordsida og Randabygd. Det er om lag 1850 medlemar i dei tre sokna. Soknepresten er geistleg representant i sokneråda. Kyrkjekontoret ligg i kommunehuset i Hornindal og er ein integrert del av Hornindal servicekontor.
I prostiet er det 14 prestar, og ein har 8 prostikonvent i året. Ein legg stor vekt på å skape eit ope og godt sosialt og fagleg kollegafellesskap. 


Eit viktig satsingsområde for sokneråda er styrking av arbeidet blant born og unge. Samarbeidet mellom kyrkja og frivillege organisasjonar er godt. Her er mellom anna søndagsskule, barnegospel, barneklubb, ungdomsklubb, Ten Sing, KFUK-M-speidarar og Changemaker. Sokneråda har utarbeidd planar for trusopplæring. Alle tre sokna er sertifiserte som grøne kyrkjelydar. 

Det er kyrkjer i alle tre sokna, alle med gudsteneste 3. kvar søndag. Kyrkjelydsstova i Hornindal og arbeidskyrkje på Nordsida gjev rom for ulikt kyrkjeleg og frivillig arbeid. Det er eit nært samarbeid i Indre Nordfjord (Innvik, Stryn og Hornindal) der både prestane og kateketane er med. Sokneprestane samarbeider både om gudstenesteplanlegging, kyrkjelege handlingar og kyrkjelydsbladet. Som prest arbeidar ein tett saman med kyrkjeverje i Stryn og Hornindal, kateket, to organistar, tre kyrkjetenarar og tre kyrkjegardsarbeidarar, alle i deltidsstillingar.

Det ligg til stillinga å gjere teneste elles i prostiet. Omfanget av dette vert avklart i dialog med prosten. 

OVF har ein prestebustad i Hornindal, frå 1972, som ligg i kommunesenteret nær kyrkja. Bustaden kan stillast til disposisjon etter gjeldande reglar for leige av prestebustadar.

Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplysa om ein nyttar begge målføre. Søkjarar bør disponera bil. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verta offentleggjorde sjølv om søkjarane ber om å bli unnateke offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunna verta innhenta og vektlagde ved tilsetting. Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).
I 2017 vert kyrkja sjølvstendig juridisk eining. Det kan verte endringar i lov, regelverk og tenesteordning for Den norske kyrkja.

Kvalifikasjonar:

  • Vi ynskjer ein sokneprest med kallsmedvit og forkynnarglede
  • som vil følgje opp satsingsområda sokneråda har prioritert, og spesielt arbeidet blant born og unge og gudstenestelivet
  • som vil prioritere samarbeid med tilsette og frivillige i sokna og tenesteområdet. 
  • som vil drive kyrkjelydsutviklande arbeid og som evnar å byggje relasjonar til det lokale kultur- og samfunnslivet

Utdanningsretning:

  • Utdanningstittel: Prest

Utdanningsnivå:

  • Mastergrad i teologi og praktikum
  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende

Vi tilbyr:

  • Stillinga er plassert i stillingskode 1555 sokneprest, LR 45. Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse Reiseutgifter vert godtgjorde etter gjeldende regulativ 
  • Det vert gjeve tilbod om arbeidsrettleiing
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Nordfjord prosti
Publisert 2017-01-10
Søknadsfrist 2017-01-25
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger