Ledige stillingar

Sunnmøre Indremisjon (tilslutta Indremisjonsforbundet) er eigar av skulen, og er også eigar av Møre ungdomsskule i Ålesund og Møre barne- og ungdomsskule på Søre Sunnmøre. Skulen starta opp august 2015 med både barne- og ungdomstrinn same hausten. Undervisningsmålet er nynorsk.

SØK STILLING

Nyetablert kristen friskule


LEDIGE STILLINGAR HAUSTEN 2017

Andre skuleåret vårt er godt i gang, og med 50% auke i elevtal frå i fjor så har vi innhaldsrike dagar. I tillegg er vi allereie i gong med å planlegge komande skuleår – der vi ventar nye elevar på dei fleste trinn.

 

Vi søkjer no etter
inspektør/adm.leiar
lærarar (særskilt til ungdomsskule)
spesialpedagogar/erfaring med spes.ped

 

Vi skal setje saman eit kollegium av dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar som til saman skal kunne tilby alle faga i grunnskulen, og samstundes arbeide for å bygge opp ein stadig aukande skuleorganisasjon.

Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen.

Å etablere ein ny kristen friskule krev engasjement og fleksibilitet, og det er viktig at alle i personalet vil gjere sitt ytterste for å skape eit godt miljø med levande kristendom på skulen – slik at elevane kan trivast, vere trygge og få eit godt utbytte av skuletida.
Den som blir tilsett, må kunne leggje fram politiattest.

Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor Ingrid Kvam Steinshamnrektor@moreskodje.no

Søknadsfrist: 1.februar 2017

Utanom ordinær CV inkl både utdanning og arbeidserfaring,
så kan du som søkar gjerne fortelle noko om :
 
  • Kva for trinn du kan tenka deg å undervise på, fag, arbeidsoppgåver
  • Engasjement/interesser utanom arbeid
  • Kvifor du kan tenka deg å arbeide på ein kristen friskule
  • Kvifor du kan tenka deg å arbeide på ein skule i oppstartsfase

Søknad med CV sender du til  rektor@moreskodje.no

eller pr post:

Møre barne- og ungdomsskule Skodje
v/ rektor Ingrid Kvam Steinshamn
Brusdal
6260 Skodje

Arbeidsgiver Møre barne-og ungdomsskule Skodje
Kategori Utdanning og forskning
Arbeidssted Skodje
Publisert 2017-01-13
Søknadsfrist 2017-02-01
Stillingstype Fast
Antall stillinger 4
Sektor Privat
Møre barne-og ungdomsskule Skodje

6260 Skodje
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger