Fengselsprest og prostiprest, Vik i Sogn

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden og har 2700 innbyggjarar. Vik er ei aktiv landbruksbygd med eit sterkt næringsliv. Det er moderne anlegg for skiskyting og rulleski, Om sommaren er det oppkøyrte løyper for langrenn på Vikafjellet. Vik er ein -kommune med store fjellområde og fleire turistforeiningshytter. I kommunen er det sju kyrkjer, mellom dei er det ei stavkyrkje og ei steinkyrkje frå mellomalderen. Det er fem kyrkjesokn i kommunen. I Vik sentrum er det ei Kyrkjestove med bra aktivitet. Her er kvardagsskule og barnekor i kyrkjelydsregi, og to av sokna har ungdomsklubbar. Det har vore satsa mykje på trusopplæring og diakonalt arbeid. Vik har hatt fengsel sidan 1865. 2007 vart det bygt nytt fengsel med 28 lukka soningsplassar, og det gamle fengselet vart gjort om til fengsel med lågare tryggleiksnivå. Til saman har fengselet no 39 soningsplassar Det er planar om utviding med 30 plassar på lukka soning. I 2007 vart det oppretta ei 50 % stilling som fengselsprest.

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som fengselsprest/prostiprest i Vik i Sogn.

Dette er ei kombinert stilling som 50% fengselsprest og 50% prostiprest.

Vi søkjer ein prest som både kan vere ein aktiv medspelar i Vik fengsel, og som vil vere med og utvikle levande kyrkjelydar i bygdene i Vik.

 

Mykje av fengselspresten si arbeidstid går med til samtalar med dei innsette. Det er eit kapell/møterom der det vert halde gudstenester to søndagar i månaden. Fengselspresten deltek på personalmøte med dei andre tilsette, er med på møte med visitorane frå Røde kors, og organiserer besøk frå Evangeliesenteret, Frelsesarmeen og andre kyrkjesamfunn.

 

Prostipresten avlastar soknepresten i Vik og gjer elles teneste i prostiet etter nærare avtalt plan. Det er fulle stillingar som sokneprest, kyrkjeverje og kyrkjelydssekretær, og kyrkjelydspedag og kyrkjemusikarar og kyrkjetenarar i ulike stillingsstorleikar. Vi vil drøfte og setje opp plan for fordelinga av arbeidsoppgåver mellom dei to prestane i Vik ved tilsetjing og ved oppstart i stillinga.

 

Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei kan nytte begge målformene.

Søkjarar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleggjorde sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagde ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

 

Presten er ein del av kyrkjestaben i Vik, og deltek i samarbeidet og stabsmøta her. Vidare høyrer presten til prestefellesskapen i Sogn prosti og har prosten i Sogn son næraste overordna. Som fengselsprest får ein delta på årlege fagdagar for fengselsprestane og kontaktmøte for fengselsprestane i Region vest.

Kvalifikasjonar:

  • Søkjaren må vere ordinert prest. Det er ynskjeleg med pastoralklinisk utdanning eller tilsvarande.
  • Vi søkjer ein prest som både kan arbeide sjølvstendig, og samtidig har vilje og evne til tverrfagleg samarbeid.
  • Vi vil òg nemne at prostiet treng prest med kompetanse og erfaring innan rettleiing (ABV eller åndeleg vegleiing). Dersom søkjaren har slik kompetanse, kan han/ho få rettleiingsoppdrag for andre tilsette og for studentar i praksis.

Utdanningsretning:

  • Teologi/livssynsfag

Utdanningsnivå:

  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende

Vi tilbyr:

  • Stillinga er plassert i stillingskode1537, prostiprest.
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse. Reiseutgifter vert godtgjort etter gjeldande regulativ.
  • Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar. Det vert gjeve tilbod om arbeidsrettleiing.
  • I 2017 vart kyrkja sjølvstendig juridisk eining. Det kan verte endringar i lov, regelverk og tenesteordning for Den norske kyrkja.
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vik
Publisert 2017-02-01
Søknadsfrist 2017-02-26
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger