Sokneprest med sokna i Voss

Voss er ein storkommune i Hordaland fylke, og er eit trafikknutepunkt mellom aust og vest. Kommunen Voss har 14500 innbyggjarar og det er venta stor tilvekst i takt med samferdselsutbygginga mot Bergen. Voss er stolt tradisjonsforvaltar av norsk bonde- og bygdekultur, som framleis er halden i hevd. Kommunen har eit rikt kulturliv med Vossajazz, Voss Blues and Roots festival, Skjervheiminaret, folkemusikkfestivalen Osafestivalen og på sportsida kan ein nemne Ekstremsportveko og Voss Cup. Voss kan by på storslått skiterreng for klassisk, slalåm og brettkjøring. Voss kommune har full barnehagedekning, kulturskule med eit brett spekter av tilbod, symjehall som vert opna i august 2017 og ein ny vidaregåande skule med mangfald av lineval. Det er eit rikt organisasjonsliv innan idrett og musikkliv. Sentralt på Voss finn du Voss sjukehus i tillegg til fleire sjukeheimar og aldersheimar. Hardanger og Voss prosti omfattar 11 kommunar med sine fellesrådsområde. Prostiet består av 28 sokn. Det er 17 prestar i prostiet.

Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest i Hardanger og Voss prosti med tenestestad innanfor Voss fellesrådsområde.

 

Det er fem sokn i fellesrådsområdet: Voss, Evanger, Oppheim, Vinje og Raundalen. Vangskyrkja ligg sentralt i Voss sentrum og er ei middelalderkyrkje frå 1277. Det er elles 7 kyrkjer og kapell i Voss kommune med gudstenester etter fastsatt forordning. Det er to sokneprester i Voss fellesrådsområde. Det er soknepresten på Voss som fordelar arbeidet og koordinerer prestetenesta i alle dei 5 sokna. Prestar i Ulvik / Granvin og i Vaksdal tek del i prestetenesta etter utarbeidd tenesteplan.

 

Saman med dei andre prestane i området vil du arbeide i eit kreativt og utviklande miljø. Alle kyrkjelege tilsette har felles kontor i det nye Voss Kyrkjetun. Det er ein engasjert stab med to sokneprestar, kantor, organist, kateket, kyrkjelydspedagog, trusopplæringsmedarbeidar, sekretærar, diakon, kyrkjeverje og ass. kyrkjeverje. I samarbeid med prestar, andre tilsette og friviljuge er soknepresten med på å utvikle visjon og strategi i sokna.

 

Det er mange friviljuge medarbeidarar i gudstenesteliv (klokkarlag), trusopplæringa og diakoni. Det er eit rikt kormiljø i fellesrådsområdet med eige kantori knytt til Vangskyrkja, mini-sing, midi-sing, tween-sing og ten-sing.

KFUK/M har eit stort arbeid i området. Knytt til Voss KFUK/M er mellom anna Voss Y's Men's Club, med eit aktivt tilbod. Indremisjonssamskipnaden har bedehuset Nain med eige tilbod til born og unge. Dei har også eit aktivt integreringsarbeid. I «Kristent kontaktforum Voss» møtes leiarar for dei ulike kyrkjesamfunna til drøftingar, informasjon, fellesskap og bøn.

 

Prosten kallar jamleg inn til konvent for åndeleg fornying, fagleg påfyll, aktuell drøfting og sosialt samvære.

 

I 2017 blei kyrkja sjølvstendig juridisk eining. Det kan verte endringar i lov, regelverk og tenesteordning for Den norske kyrkja. Målforma er nynorsk. Søkjar må opplyse om ein nyttar begge målformer. Søkjaren bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleggjorde sjølv om søkjarane ber om å bli unnateke offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne verte innhenta og vektlagde ved tilsetjing. Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Arbeidsoppgåver:

  • Geistleg representasjon i Vinje, Oppheim og Raundalen sokneråd
  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter fordeling i tenesteveker
  • Konfirmantundervisning og deltaking i trusopplæringsarbeidet ut frå oppsett plan
  • Institusjonsandaktar

Utdanningsretning:

  • Teologi/livssynsfag

Utdanningsnivå:

  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende

Personlege eigenskapar:

  • Ein prest som ønskjer å byggja kyrkjelyden i lag med stab og råd ut frå visjonar og planer
  • Evne til å byggje nettverk og leggje til rette for involvering
  • Evne til å motivere og rekruttere frivillige
  • Evner å tileigne seg nye digitale verktøy

Vi tilbyr:

  • Fagleg fellesskap i prostiet
  • Trivelige kontorlokalar
  • Flotte og ulike kyrkjerom
  • Arbeidsveiledning og studieveke
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1555, sokneprest
  • Godtgjering etter gjeldande regelverk
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Voss
Publisert 2017-02-01
Søknadsfrist 2017-02-26
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger