Kyrkjelydspedagog

I vest ligg Kinn med Kinnakyrkja som ein merkestein ved havet. I aust ligg Ålfotbreen som eit ankerfeste i fjellet. I sør ligg Svanøy framfor dei skogkledte åsane, som ligg der lune og innbydande mot dei staute fjella i nord. Dette er kyrkjelydane i Flora kommune. Florø by ligg sentralt i kommunen. Her bur ca 12000 menneske som lever av fisk og fiskeindustri, skipsbygging, oljeindustri og servicenæringar. Flora har eit rikt kulturliv med kulturskule, kor-, korps- og revymiljø. Her er idrettshallar, symjehall, fotballbaner og stadion. Vi har og eit stort mangfald av frivillige organisasjonar.

Har du lyst til å jobbe med barn og unge i alderen 0-18 år?

Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig 2 stillingar som Kyrkjelydspedagog.

 

 Vi ynskjer oss to personar som har kompetanse innan kristendom og pedagogikk

( t.d. kateket, ungdomsprest eller lærar).

Arbeidet omfattar fire sokn, Kinn, Eikefjord, Bru og Nordal. Vi har ca 2300 barn og unge den eine stillinga har ansvaret for ( 0 – 14 år), og den andre har ansvaret for (14 – 18 år). Kven som har ansvar for kva kan justerast, men dei må samarbeide.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leie trusopplæringa 0 – 18 år.
  • Planlegge, promotere og gjennomføre tiltak i trusopplæringa.
  • Oppfølging av frivillige medarbeidarar.
  • Delta på gudstenester i samband med trusopplæringstiltak.
  • Delta i skule- og barnehage samarbeidet.

 

Vi søkjer ein person som:

  • Har utdanning frå høgskule innan pedagogikk og/eller kristendom.
  • Er utadvendt og kreativ.
  • Har erfaring frå barne- og ungdomsarbeide.
  • Beherskar norsk både skriftleg og munleg.

 

Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnadar
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer..
  • Teamarbeid
  • Løn i samsvar med sentrale avtalar og pensjonsordning.
  • Pensjonsordning i KLP.

 

Søkjar må vere medlem i Den norske kyrkja. Kontakt Kinn kyrkjekontor tlf. 57 75 25 30 for nærare opplysningar. Søknad med rettkjende attestar og vitnemål vert å sende Kinn kyrkjelege fellesråd, Pb. 504, 6903 Florø eller e-post post@kinn.kyrkja.no innan 10.03.2017.

Arbeidsgiver Kinn Kyrkjelege Fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kinn
Publisert 2017-02-13
Søknadsfrist 2017-02-10
Stillingstype Fast
Antall stillinger 2
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Kinn Kyrkjelege Fellesråd

Florø
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger