Sokneprest med tenestestad Kvikne og Sødorp sokn - Nord-Gudbrandsdal prosti

Nord-Gudbrandsdal prosti ligg i hjartet av Sør-Noreg og omfattar dei sju kommunane Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Vågå, Skjåk og Lom, og store deler av dei mektige fjellområdane Jotunheimen, Breheimen, Dovre og Rondane. Dette pregar kyrkja her. Det er ein staut og trufast folkekyrkje. I prostiet arbeidar vi med å få til nye samarbeidsformer prestane i mellom og soknene i mellom. Målet er å byggje opp ei levende folkekyrkje for alle døypte og å opne kyrkja for folks tru og kvardag.

Stilling som sokneprest i Kvikne og Sødorp sokn er ledig.
Dei to sokna er lokalisert til Gudbrandsdalen, midt mellom Oslo og Trondheim. Geografisk er sokna deler av Nord-Fron kommune, og det er eit nært samarbeid i arbeidet med soknepresten i Kvam og Skåbu; desse sokna er også delar av Nord-Fron.
Kyrkjeleg sett er Nord-Fron eit typisk folkekyrkje-område, med små innslag av indre- og ytre-misjon.
Området vert profilert som "Peer Gynts rike". Her er eit rikt kulturliv, og flotte områder for friluftsliv, med eit stabilt og godt klima sommar som vinter; kort avstand til ski-anlegga ved Gålå, Kvitfjell og Hafjell. Her er gode kommunikasjonar med tog, buss og bil.
Sentrum i Nord-Fron er Vinstra og fekk bystatus i 2013.
Her er full barnehagedekning, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.
Næringslivet er prega av jord- og skogbruk, servicenæringar, turisme og noko småindustri. Folketalet ligg på ca 5800 i heile kommunen.
Kyrkjekontoret ligg sentralt på Vinstra, om lag 2 kilometer frå prestebustaden. Frå kyrkjekontoret er det 1 km til Sødorp kyrkje, 10 km til Kvikne, 11 km til Kvam og 25 km til Skåbu.
Anmodning om å få sitt navn unntatt offentligheten kan ikkje påreknas. Grunn må vurderes i h.h.t. off.loven §25.
Den som blir tilsatt må framvise plettfri politiattest.

Arbeidsoppgaver:

  • STAB:
  • 2 prester, kyrkjevergje, trusopplærar og diakon, fire (fem)kyrkjetenerar, kantor og sekretær.
  • TENESTEVEKER:
  • Arbeidet vert fordelt med tenesteveke med gravferder og vigslar annankvar veke.
  • INSTITUSJONAR:
  • Der er ein institusjon for eldre i kommunen som vert vitja av prest kvar veke.
  • KONFIRMANTAR:
  • Konfirmantopplegget er frå sommaren 2011 lagt opp med leir ved oppstart (heile Nord-Gudbrandsdal prosti) og samlingar utover vinteren lokalt og konfirmasjon i mai-juni.
  • TRUSOPPLÆRING:
  • Frå 2010 fekk kyrkjelydane trusopplæringsmidlar og det er tilsatt trusopplærar. Vi er no i ferd med å bygge ut vårt trusopplæringsarbeid til å omfatta alle barn og unge i alderen 0-18 år.
  • BEREDSKAP:
  • Prestane er med i beredskap knytta til Nord-Gudbrandsdal prosti og Sør-Gudbrandsdal prosti; 13 prestar deler dette arbeidet.
  • RÅDSARBEID:
  • Den som vert tilsett har sete i Sødorp og Kvikne sokneråd.
  • Biskopen oppnemner den av prestane som skal sitje i Nord-Fron kyrkjelege fellesråd.
  • SAMARBEID I PROSTIET
  • Arbeidsoppgåvene i Nord-Fron vert fordelt mellom prestane etter avtale dei imellom. Ein må også rekne med nokre tjenester i prostiet for øvrig.
  • SAMARBEID MED ANDRE TRUSSAMFUNN
  • I Sødorp sokn er det noko samarbeid med Fron pinsemenighet (Bibeldag og Song/ musikkarrangement i Peer Gynt-veka).
  • MÅLFORM:
  • Ein nyttar både bokmål og nynorsk i gudstenestene. Målforma i skulane i Nord-Fron er nynorsk.
  • NOKRE TAL:
  • I hovudsak er gudstenestene lagt til soknekyrkjene. Sødorp kapell har 12 gudstenester, Sundheim, eldreinstitusjonen, har 6 gudstenester og sommarstid har alle sokna ein til to friluftsgudstenester.
  • I påska er det andakt på Sikkilsdalsæter langfredag kveld.
  • 3 gudstenester er lagt til grendahus.
  • I dei 4 kyrkjelydane var det i 2016 5181 medlemmer.
  • Det var i 2016 45 dåp, 51 konfirmantar, 6 vigslar og 58 gravferder i Nord-Fron.

Kvalifikasjoner:

  • Det er ynskjeleg med erfaring innan barne- og ungdomsarbeid
  • Delta i trusopplæringsarbeidet i kyrkjelydane.
  • Teamarbeider

Utdanningsretning:

  • Teologi / Livssynsfag

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
  • Praktisk teologisk utdanning

Personlige egenskaper:

  • Ut over grunnutdanning er det ynskjeleg med ein prest som både kan arbeide selvstendig og samarbeide godt i eit team.

Vi tilbyr:

  • Det er tenestebustad til stillinga hvis ynskjeleg
  • Stillinga vert lønna i stillingskode 1555 lønnsramme 45.
  • Innskudd i Statens Pensjonskasse
  • I tillegg til lønnen gjeldene regulativ for godtgjørelse.
  • Tilsettingen skjer i h.h.t. gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske Kirke.
  • Den som tilsettes må rette seg etter endringar i ansvar og arbeidsoppgavar samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomføras innanfor lov-, regelverk og ny tjenesteordning for menighetsprester i Den norske Kirke.
Arbeidsgiver Hamar bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vinstra
Publisert 2017-03-08
Søknadsfrist 2017-04-01
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Hamar bispedømme

Hamar
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger