Det er ledig stilling som barne- og ungdomsprest i Vågsøy sokn (Måløy by) i Nordfjord prosti.
Vågsøy sokn ligg i ytre Nordfjord i Sogn og Fjordane. Soknegrensene fell saman med Vågsøy kommune sine grenser, som har vel 6000 innbyggjarar. Soknet har tre kyrkjer: Sør- Vågsøy i Måløy, Nord-Vågsøy på Raudeberg og Totland kyrkje. Kommunesenteret Måløy har bystatus, og er handels- og kommunikasjonssentrum for ytre Nordfjord. Hurtigruta legg til kai kvar dag. Hurtigbåt til Bergen (4 ½ time) går to gonger om dagen, og buss til Oslo (10 timar) går to gongar dagleg. Kommunen har mykje industri knytt opp til fiske og fiskeforedling. Vågsøy har fem barneskular, ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule. Kommunen har og eit rikt song- og musikkliv, og området rundt byr på vakre naturopplevingar både til sjøs og til fjells.
Vågsøy kyrkjekontor ligg i sentrum av Måløy, i gode lokale i det nye Rådhuset. Den som vert tilsett vil dele arbeidssted med to organistar, kateket, trusopplærar, sekretær, kyrkjetenarar, to kyrkjegardsarbeidarar, kyrkjeverje og sokneprest.
Barne-og ungdomspresten vil få eit særskilt ansvar for barne- og ungdomsarbeidet i samarbeid med trusopplærar, og for konfirmantarbeidet i samarbeid med kateketen. Prosten vert næraste overordna. Prestane deler gudstenestene mellom seg etter oppsett gudstenesteplan godkjend av prosten.
Soknerådet har eit særleg fokus på gudstenestearbeidet, trusopplæring (barne- og ungdomsarbeidet) og kyrkjemusikk.
Saman med resten av Nordfjord prosti får Vågsøy årlege tilskot frå trusopplæringsprosjektet i Den norske kyrkja. Visjonen i lokal trusopplæring er "Å formidle ein levande Gud og ei levande kyrkje". Prestane i Nordfjord prosti har et nært samarbeid, og kjem saman åtte gongar i året til prostikonvent.
Vi ser etter ein prest som har evne og vilje til samarbeid, og med evne til planlegging på kort og lengre sikt. Kompetanse frå arbeid med born og unge vil bli tillagt vekt ved tilsettinga
Kommunen har tilgjengelig bustad som ligg fint til i gate 7 med vakker utsikt over fjord og fjell med sol året rundt. Bustaden vart grundig oppussa i 2013, og er ein vertikaldelt bustad i to etasjar med tre soverom.
I Sør-Vågsøy kyrkje vert det i hovudsak nytta bokmål, og ved dei andre kyrkjene vert det nytta nynorsk. Søkjarar må opplysa om ein nyttar begge målformer. Søkjarar bør disponera bil. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan verta offentleggjort sjølv om søkjarane ber om å bli unnateke offentleg søkjarliste. Opplysningar om samlivsform vil kunna verta innhenta og vektlagde ved tilsetting.
Utdanningsretning:
Utdanningsnivå:
Vi tilbyr: