Ledig vikariat som diakon/diakonimedarbeidar i 50%

Voss kyrkjelege fellesråd lyser ut vikariat som diakon/diakonimedarbeidar i 50%, i perioden 1. august til 31. desember 2017, med moglegheit for forlenging. Arbeidsområdet er Voss kommune, med kontorstad i Voss sentrum. Me søkjer diakon/diakonimedarbeidar som saman med vår faste diakon kan vidareføre og utvikle arbeidet med diakoni i våre fem sokn, med eit særskild fokus på diakonalt arbeid mellom born og unge. Diakoni er kyrkja sitt omsorgsarbeid. Arbeidet omfattar også rekruttering, utrusting og oppfylging av friviljuge medarbeidarar, samarbeid med stab, råd og utval etter føremål i utarbeidd diakoniplan, sorgarbeid, førebyggjande arbeid m.v.

Kvalifikasjonar:

Me søkjer primært etter personar med erfaring frå og/eller interesse for kyrkjeleg arbeid.

Kvalifikasjonskrav i henhold til Tenesteordning og kvalifikasjonskrav for diakonar.

Søkjarar med 3-årig høgskuleutdanning innan helse-/sosialfag eller tilsvarande vil også verte vurdert. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.

Me søkjer etter ein person som er fleksibel, omgjengeleg og samarbeidsviljug, og som er oppteken av omsorg for medmennesket.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

 

Me  tilbyr

  • Ei variert stilling og fleksibel arbeidstid.
  • Eit godt arbeidsfellesskap med stor aktivitet.
  • Løn, pensjon og arbeidstilhøve i fylgje tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Kontor i Kyrkjetunet, vis à vis Vangskyrkja.

 

Særskilte krav

  • Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil.
  • Ved tilsetjing må søkjar framlegge tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest, jfr. Kyrkjelova §29).

 

Søknadsfrist: 25.06.17

 

Søknad med CV/attestar, og evt spørsmål rettast til:

Kyrkjeverje Svein Tøsse, tlf 56 52 38 80/95 97 99 05

Epost: post@voss.kyrkja.no 

Pb. 49, 5701 Voss

 

Arbeidsgiver Voss kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Voss
Publisert 2017-06-15
Søknadsfrist 2017-06-25
Stillingstype Vikariat
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Voss kyrkjelege fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger