Kyrkjeverje/Dagleg leiar

Førde kyrkjelege fellesråd søker kyrkjeverje/dagleg leiar i 100% fast stilling, ledig frå 01.11.17. I Førde kommune er det 13.000 innbyggarar, 2 sokn, 3 kyrkjer og 4 gravplassar. Førde kyrkjelege fellesråd har 11 årsverk fordelt på 22 tilsette. Årsbudsjett i overkant av 10 mill. kroner. Kyrkjeverja er lokalisert på Førde kyrkjekontor i gode lokalitetar på Førde kyrkjetun, som var nytt i 2001. Dei kyrkjelege fellesråda i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal har starta samanslåingsprosess grunna kommunesamanslåing frå 01.01.2020. Kyrkjeleg fellesnemnd er nedsett og ein har gjort vedtak om utlysing av prosjektstilling. Den som vert kyrkjeverje i Førde vil også bli kyrkjeverje for det nye fellesrådet, og vil såleis også vere sentral i samanslåingsprosessen og utforming av ny organisasjon. Kyrkjeverje skal i samhandling med råd, utval, tilsette og frivillige vidareutvikle og leie kyrkja gjennom ein endringsprosess. Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, der menneske kjenner at dei høyer til og vert utfordra til tru og teneste. Kyrkja skal vere ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn, prega av nærleik, omsorg identitet og kultur. Ein er oppteken av nyskaping og utviklingsarbeidet og kyrkjelydane har god oppslutnad og godt samarbeid med kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for fellesrådet sitt ansvarsområd er mellom anna;

-Personalleiing for dei kyrkjelege tilsette i fellesrådet

- Plan, budsjett og økonomiansvar.

- Strategi og utviklingsarbeid

- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar

 

Vi søker ein leiar med

  • Relevant høgare utdanning.
  • Kompetanse og erfaring innan personalleiing, økonomi, offentleg forvaltning og administrasjon
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidseigenskapar, samt evne til å jobbe strategisk og utviklingsorientert.
  • Gode kunnskapar om Den norske kyrkja sin struktur, verdigrunnlag og organisering

 

Vi kan tilby

  • Løn etter avtale
  • Tilsetjing i tråd med lover og reglement og KA sine tariffavtaler.
  • Pensjonsordning i KLP
  • Ei interessant og utfordrande stilling i eit engasjert miljø
  • Oppstart i stillinga etter avtale

 

Ein legg stor vekt på personlege eigenskapar. Den tilsette må vere medlem av Den norske kyrkja og ha eit engasjement for kyrkjeleg verksemd. Samanslåing av fellesråd og den framtidige kyrkjelege struktur vil medføre både nye arbeidsoppgåver og leiarutfordringar.

Ein må gje opp referansar i søknaden.

Administrasjonsspråket er nynorsk.

6 månads prøvetid.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

Kyrkjeverje Oddvar Etnestad – tlf 97 59 94 46
Fellesrådsleiar Vidar Otterstad – tlf 97095717
Leiar i kyrkjeleg fellesnemnd Jetvard Kalland – tlf 90 72 47 69

Søknad sendast Førde kyrkjelege fellesråd, elektronisk via kirkejobb.no innan 01.10.17.

Arbeidsgiver Førde kirkelige fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Førde
Publisert 2017-09-12
Søknadsfrist 2017-10-01
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Førde kirkelige fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger