Voss kyrkjelege fellesråd skal tilsetje assisterande kyrkjeverje/kontorleiar i fast heil stilling. Stillinga vil ha ei sentral rolle i fellesrådets administrative leiing og med utvikling av organisasjonen, og stillinga vil vere i tett samarbeid med kyrkjeverje. Det trengs ein handlekraftig og strukturert person med gode samarbeidsevner.
Kyrkjekontoret for Voss, i Uttrågata 5, er knutepunkt for kyrkjelege tenester i Voss herad. Kontoradministrasjonen består av dagleg leiar (kyrkjeverje), assisterande kyrkjeverje/ kontorleiar , og tre sekretærar i deltid. Fellesrådet har ansvar for over 25 medarbeidarar, 7 kyrkjebygg, og forvalting av 8 gravplassar. Det er 6 sokn i fellesrådsområdet. Det er eit høgt aktivitetsnivå, aktivt gudstenesteliv og mange frivillige medarbeidarar.
Arbeidsoppgaver
- Ansvar for budsjett –, rapporterings – og økonomiarbeid i fellesrådet, i dialog med kyrkjeverja.
- Utarbeide mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen i samarbeid med kyrkjeverja.
- Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i fellesrådet.
- Ansvar for arbeidet med helse, miljø og tryggleik.
- Ansvar for gravplassforvaltinga i samarbeid med kyrkjeverja.
- Sakshandsaming til fellesrådet.
- Deltaking i strategi-, plan- og utviklingsarbeid.
- Vere vikar for kyrkjeverja.
- Andre administrative oppgåver.
Kvalifikasjoner
- Me søkjer etter ein person med dokumentert erfaring / kompetanse innan leiing, rekneskap/økonomi – og personalarbeid.
- Relevant utdanning på høgskule / universitetsnivå.
- God IKT-kompetanse og gjerne erfaring med bruk av ulike fagsystem innan offentleg forvalting.
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne.
- God gjennomføringsevne.
- Det er ein fordel å ha god kunnskap om offentleg forvalting.
- Du må vere budd på å veksle mellom mange ulike arbeidsoppgåver innanfor ein arbeidsdag.
Personlige egenskaper
- Du må ha gode samarbeidsevner og leiareigenskapar.
- Du må kunne arbeide strukturert og effektivt.
- Du må ha eit positivt engasjement for kyrkja sitt arbeid og kunne identifisere seg med kyrkja sitt oppdrag.
- Du må vere imøtekomande og kunne kommunisere godt med publikum.
- Vere løysingsorientert.
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team.
- Kunne vidareutvikle eksisterande arbeidsmåtar og rutinar.
- Stillinga krev god mellommenneskeleg kompetanse, og difor vert det lagt ekstra vekt på personlege eigenskapar.
Den tilsette må vere medlem i Den norske kyrkja.
Vi tilbyr
- Løn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor. (KA)
- Sjølvstendige, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver.
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø med stor aktivitet.
- Kurs og etterutdanning etter avtale.
- Løn, pensjon og arbeidstilhøve i fylgje tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
- Pensjonsordning i KLP.
Kontaktinformasjon: