Sokneprest i Ytre Nordmøre prosti med Aure, Stemshaug og Tustna sokn som tenestestad

Ytre Nordmøre prosti, Den norske kirke, Møre bispedøme

Det er ledig stilling som Sokneprest i Ytre Nordmøre prosti med Aure, Stemshaug og Tustna sokn som tenestestad

Kyrkja samarbeider godt med kommunen. Dei som er involvert i råd og utval er godt fordelt i alder og kjønn. Den lokale tilknytinga til kyrkje og kyrkjehus er viktig for folk, og samspelet mellom kyrkje og kulturliv er viktig i samfunnet vårt. Det er eit levande kristenliv i kommunen med eit godt og nært samarbeid med misjonsorganisasjonar og bedehusmiljø. 

Kyrkjekontoret har lokale i den vakre gamle prestegarden, som ligg sentralt plassert midt i Aure, omkransa av ein nydeleg hage med kort avstand til Aure kyrkje.
Kyrkja i  Aure er ein velfungerande organisasjon, og staben og arbeidsplassen bidrar til at det er lett å trivast.

Pr. i dag er det 7 tilsette i kyrkjeleg fellesråd.  Det er kyrkjeverje, organist, kyrkjetenarar, kyrkjegardsarbeidarar, sekretær på kontoret og trusopplærar. 
Det er tre sokn i Aure kyrkjelege fellesråd.  Aure sokn med 1522 medlemmer, Stemshaug sokn med 487 medlemmer og Tustna sokn med 696 medlemmer.  Nynorsk er målforma i Aure og Stemshaug sokn, medan bokmål er målfoma i Tustna sokn.

Aure kyrkje er sentralt plassert i Aure, og ligg på ein kyrkjestad frå 900-tallet.  Aure kyrkje vart vigsla i 1924, og er ei nydeleg krosskyrkje med element frå dei fyrste kyrkjene.  Kyrkja har 800 sitteplassar.  Stemshaug kyrkje vart vigsla i 1908 og er ei langkyrkje i stavkyrkjestil.  Stemshaug kyrkje har 288 sitteplassar.  Gullstein kyrkje er ei langkyrkje frå 1869.  Byggverket er i tre og det er 300 sitteplassar. Kyrkja er til ein viss grad utforma i stavkyrkjestil.

Les meir om kyrkja i Aure på https://aurekyrkje.no/  og https://facebook.com/KyrkjeneiAure 

Søknad med CV, vitnemål og referansar sendes til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver

  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • I tillegg til gudstenester og tenesteveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andakter på sjuke- og aldersinstitusjonane.
  • Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane.

Kvalifikasjonar

  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg. 
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje..  
  • Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
  • Søker må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV. . 
  • Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til stillinga, vil stillinga bli gjort om til ei PUU stilling, med dei kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver som høyrer PUU stillinga til.

Personlege eigenskapar

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • God samarbeidsevne og syn for heilskapen i kyrkjelyden
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper

Vi tilbyr

  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Bedriftshelseteneste.
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

Anna:

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Aure kommune har omlag 3.500 innbyggjarar og ligg nord i Møre og Romsdal, på grensa til Trøndelag. Kommunen er ein kystkommune med særskilt flott natur med fjell, skog, hav og skjergard, og er sentralt plassert som nabokommune til Kristiansund og med ca 2 timar med bil til Trondheim. Øyane Smøla og Hitra ligg nord for Edøyfjorden, på utsida av Aure kommune.

I kommunen er det eit allsidig næringsliv, med Equinor som den største arbeidsplassen.  Her er eit aktivt idretts- og kulturliv og gode oppvekst- og levekår for både små og store, med mellom anna full barnehagedekning.

For fleire opplysninger sjå www.aure.kommune.no

 

Kontaktinformasjon:

Sindre Kulø
Prost
 E-post:sindre.stabell.kulo@kristiansund.kommune.no
 
Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Aursundvegen 147, 6690 Aure
Publisert 2024-03-14
Søknadsfrist 2024-04-19
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger