Sokneprest i Haugaland prosti med Ølen og Bjoa sokn som særskilt arbeidsområde

Stavanger bispedømmeråd

Ein aktiv kyrkjelyd søkjer sokneprest som deler ynskjet om å vere ei misjonal kyrkje i lokalsamfunnet. Ølen og Bjoa sokn har mange frivillige medarbeidarar og satsar særleg på trusopplæring og inkluderande kyrkjeliv.

Arbeidet med gudstenesteliv, trusopplæring, konfirmantarbeid og diakoni er prioriterte arbeidsområde. Sokna i kommunen arbeider aktivt saman på ulike område. Samarbeidet mellom kyrkja, barnehagar og skular er godt. Vindafjord kyrkjelege fellesråd har kateket i 80 % stilling. I tillegg er det trusopplæringsmedarbeidarar knytt til dei ulike sokna. Det er eit aktivt organisasjonsliv i soknet. Mange frivillige medarbeidarar er knytt opp imot gudstenester og trusopplæringstiltak. Soknepresten må kunne bidra aktivt inn i kulturen soknet er prega av.

Ølen er knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet og Bjoa har kultur-røter som strekk seg langt tilbake i tid. Her er flott natur, trivelege folk og gode tilhøve for friluftsliv.

Det er åtte kyrkjer i kommunen. To av desse ligg i Ølen og Bjoa sokn. Soknepresten i Ølen og Bjoa gjer teneste i samspel med dei to andre sokneprestane i Vindafjord kommune.Prosten samlar prestane om lag 10 gonger i året til pastoralsamlingar, som er av fagleg og sosial karakter. Desse blir lagt til ulike stadar i
Haugaland prosti, som består av 5 kommunar: Haugesund, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord. 

Medlemstalet i Ølen og Bjoa sokn var i fjor 2205, medan innbyggjartalet var 3151. Kyrkjelydane har eit godt og aktivt samarbeid med kommunen. Kontoret til soknepresten ligg i Vindafjord rådhus i Ølen. Vindafjord kyrkjekontor, der kyrkjeverja held til, ligg i Skjold kyrkje. 

«Der vegane møtest»: Ølen er kommunesenteret og eit knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet. Her møtest bussar og biltrafi kk frå aust til vest, og båten frå nord. Sentrum er godt bygt ut med gode tenestetilbod innan handel og service. Her er idretts- og symjehall, barnehage, barne- og ungdomsskule
og Ølen vidaregåande skule. I Ølensvåg ligg Lundaneset vidaregåande skule. Bjoa er ei kulturbygd, med rike minne frå fortida. Her er det også store og innovative verksemder. I Ølen og i Ølensvåg er det rikt næringsliv med mange arbeidsplassar frå både inn- og utland. Her er flott natur, gode tilhøve for friluftsliv i fjell og skog, samt god tilgang til sjø og rikt båtliv. Haugesund er næraste by, ca 45 km vestover.

 

Arbeidsoppgaver

  • Ansvar for prestetenesta i samsvar med tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
  • Tenestegjere i samarbeidsområdet i Vindafjord kommune.
  • Gå inn i bakvakts- og beredskapsordninga i Haugaland prosti.
  • Samarbeide nært med stab, sokneråd og utval.
  • Gå inn i trusopplæringsarbeidet. Soknepresten har ansvaret for konfi rmantarbeidet.
  • Enkelttenester ved særskilte behov i heile Haugaland prosti.
  • Løfte fram verdien av diakoni, misjon og musikk-/ kulturarbeidet.
  • Møte fast i Ølen og Bjoa sokneråd.

Kvalifikasjoner

Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende / Master i teologi og praktikum.

Personlige egenskaper

  • Kunne inspirere og motivere.
  • Være ein forkynnar som evner å tale relevant for menneske i dag og være ein god sjelesørjar.
  • Har evne og vilje til samarbeid.
  • Ha gode leiareigenskapar, og ha evne til å tenkje strategisk.
  • Ha administrative evner.

Vi tilbyr

  • Stillinga vert løna som sokneprest etter gjeldande reglar.
  • Vanlege regulativmessige godtgjeringar
  • Skyss- og telefongodtgjering etter offentlege satsar.
  • Pensjonsinnskot.
  • Arbeidsvegleiing - ABV.

Andre opplysningar

  • Tilsettingen skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som blir
    tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., og dessutan avgjerder som kan
    infl uera på gjeremålet til tenesta, tenestestad og tenestedistrikt.
  • Målforma er nynorsk.
  • Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
  • Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg, sjølv om ein
    ber om ikkje å bli ført på denne lista, jf. Offentligheitslova par. 25, andre ledd.
  • Den som blir tilsett må legga fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
  • Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilte i utlysningsteksten. Søkjarane blir
    bedne utforma ein egenpresentasjon i søknaden sin som svarer på dei utfordringane som kjem fram
    i utlysningsteksten.
  • Alle søkjarar må søka elektronisk.
  • Det er muligheter for å gå på ski i Olalia om vinteren, og det er båtforbindelse til Bergen.

 

Kontaktinformasjon:

Gunnar Rønnestad
assisterende stiftsdirektør
 
Rune S. Engedal
Prost i Haugaland prosti
Arbeidsgiver Stavanger bispedømmeråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ølen kyrkje, Ølen
Publisert 2024-03-14
Søknadsfrist 2024-04-21
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Stavanger bispedømmeråd

Stavanger
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger