Kirker og trossamfunn
  • Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
  • Diakon

    Fast
    Søknadsfrist: 31.08.2025

    Sunnfjord kommune med sin vakre og storslåtte natur har eit samla folketal på rundt 22.000 med Førde som eit naturleg kommune- og regionsenter. Sunnfjordkyrkja har 40 tilsette, 34 av desse er tilsett i kyrkjeleg fellesråd medan Bjørgvin bispedøme har arbeidsgjevaransvar for 6 prestar. Det er god oppslutning om dei kyrkjelege tilboda, i 2024 var over 55 000 menneske innnom kyrkjene i Sunnfjord. I kommunen er det 6 sokn, med Førde sokn som det største soknet. Diakonen skal ha hovudverksemda si knytt opp til Gaular sokn, men og vere ein diakonal ressurs for dei andre sokna, i samarbeid med både frivillige og andre tilsette.

    I det diakonale arbeidet i Gaular har besøk til eldre og sjuke, oppfølging etter dødsfall, og elles tiltak som er med å styrkje fellesskapet for personar i ulike aldrar, vore dei viktigaste oppgåvene.

    Hovudadministrasjonen til fellesrådet har kontor i Førde. Her blir du del av eit sosialt og fagleg fellesskap med ca 15 tilsette, mellom anna prestar, diakon og kyrkjelydspedagogar.

    Arbeidsoppgåver

    • Arrangere aktivitetar for ulike aldersgrupper
    • Tverrfagleg samarbeid om konfirmantar og andre trusopplæringstiltak
    • Sorgarbeid og enkelte gravferder
    • Særskilt ansvar for oppfølging av uløna medarbeidarar
    • Oppgåver på nokre gudstenester
    • Administrative oppgåver

    Kvalifikasjonar

    • Master i diakoni
    • Søkjarar med anna relevant kompetanse vil også bli vurdert
    • God kjennskap til Den norske kyrkja
    • Erfaring med frivillig arbeid

    Personlege eigenskapar

    • Du evnar å skape tillit, er god på å kommunisere og er ein god relasjonsbyggar
    • Du har vilje og evne til samarbeid i staben, med frivillige og andre samarbeidspartnarar
    • Du er engasjert og ynskjer å bidra til å vidareutvikle det diakonale arbeidet
    • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

    Vi tilbyr

    • Løn og arbeidsvilkår etter tariffavtale knytt til Hovudorganisasjonen KA
    • Pensjonsordning gjennom KLP
    • Samarbeid og fellesskap i stor stab med mange dyktige medarbeidarar
    • Høve til å påverke og forme eigen arbeidskvardag

    Andre krav og opplysningar

    • Du må vere medlem i Den norske kyrkja
    • Godkjent politiattest må kunne framleggjast av den som vert tilsett
    • Oppstart snarast