Kirker og trossamfunn
  • Stavanger bispedømmeråd
  • Sokneprest i Ryfylke prosti med Sauda sokn som tenestestad

    Fast
    Søknadsfrist: 07.09.2025
    Sokneprest i Ryfylke prosti med Sauda sokn som tenestestad

    Sauda og Ryfylke kan by på flott natur og ei kyrkje som er godt forankra hos folk. Vil du vere med å forma ei open og raus folkekyrkje i Sauda?

    Stavanger bispedømme søkjer sokneprest i 100 % stilling i Ryfylke prosti, med særskilt arbeidsområde i Sauda sokn. Soknet omfattar Sauda kommune.

    I Sauda bur det 4500 menneske. Byen er ein industriby, med Eramet Norway, eit moderne smelteverk, som ein sentral arbeidsplass. Det er mange tusen tilreisande til Svandal skisenter. Byen har eit rikt tilbod til born og ungdom innan idrett, musikk, dans m.m, og eit godt skuletilbod frå grunnskule til vidaregåande skule. Båt-/bussamband til Stavanger 4 gonger til dagen. Turen tek to timar. Haugesund er heller ikkje meir enn to timar unna. https://visitsauda.no/

    Sauda er ein spennande plass å vera prest der det er mogleg å vera med å forma ei raus og open folkekyrkje. Hovudmålsetjinga for Sauda Sokneråd er: «Hjelpa alle til den kristne tru. Tru gir trygghet!» Kyrkjelyden har eit aktivt korabeid gjennom Sauda Soul Children og samarbeider med kristne organisasjonar om ulike aktivitetar. I prosjektet «Barn er Bra» jobbar Sauda kyrkjelyd, Sauda kommune, Kulturhuset, Idrettslaget, Samarbeidsforeninga Sauda-San Juan del Sur og mange frivillige, med støtte frå Eramet Norway og Sauda fabrikkarbeidarforeining m.fl, saman for å laga ein barnefestival med mange aktivitetar kvar haustferie.

    Sauda kyrkje frå 1866 er hovudkyrkje. Elles er det gudstenester i Saudasjøen kapell og Hellandsbygd kapell. I 2024 var det eit gjennomsnitt på ca. 65 deltakarar på gudstenestene. Det er om lag 40 dåp, 8 vigsler, 43 konfirmantar og 60 gravferder i året. Soknepresten deler ansvaret for tenestene med prosti-/fengselsprest som har 60% teneste i Suldal og Sauda.

    Soknepresten har kontor- og stabsfellesskap med dei andre kyrkjeleg tilsette i Sauda.
    Kontoret ligg sentralt til. I tillegg til sokneprest og prosti/fengselsprest, består arbeidsfellesskapet av kyrkjeverje, diakon, kyrkjelydspedagog, organist, sekretær (ca. 50 %) og tilsette i gravferdstenesta.

    Arbeidsoppgaver

    • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan.
    • Arbeide aktivt med visjon, strategi og mål i samarbeid med sokneråd og stab.
    • Bidra til å vidareutvikle gudstenestearbeidet i Sauda.
    • Hovudansvar for konfirmantarbeidet.
    • Rekruttere og inspirere frivillige medarbeidarar i samarbeid med stab og sokneråd.
    • Oppfølging og kyrkjeleg betening av sjukeheimane i kommunen i samarbeid med diakon.
    • Oppgåver i prostiet under prosten si leiing, særlig knyttet til kyrkjelege handlingar og utvikling av samarbeidet med nabosokna.
    • Beredskap etter gjeldande ordning for Stavanger bispedømme.Presteteneste i samsvar med “Tjenesteordning for menighetsprester i Den norske kirke”.

    Kvalifikasjoner

    Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum.

    Personlige egenskaper

    • Evne til å inspirere og motivere gjennom forkynning, sjelesorg og samarbeid.
    • Evne og vilje til samarbeid og til å skape eit inkluderande miljø.
    • Evne til å ta initiativ og arbeida både målretta og sjølvstendig i godt samspel med stab, sokneråd og lokalmiljø.
    • Evne til å kunne kommuniserer med born, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar.
    • Det vil bli lagt vekt på om søkjaren er personleg eigna til stillinga.

    Vi tilbyr

    • Stillinga vert lønna som sokneprest etter gjeldande reglar.
    • Vanlege godtgjersler etter gjeldande regulativ.
    • Skyss- og telefongodtgjersle etter offentlege satsar.
    • Pensjonsinnskot og medlemskap i KLP etter ordninga for prestar tilsett i rettssubjektet Den norske kyrkja.
    • Det gis tilbud om arbeidsveiledning (ABV).

    Annet

    • Den som vert tilsette må rette seg etter endringer i lover, tariffavtaler, reglement m.m., samt avgjersler som kan influere på tenestens gjeremål, tenestestad og tenestedistrikt.
    • Målforma er nynorsk.
    • Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
    • Det vil bli utarbeidt offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrke § 42. Anmodning om å få sitt namn unntatt frå denne må begrunnas i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
    • Den som blir tilsett må legga fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
    • Stavanger bispedøme skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfold, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

    Arbeidssted: Toppadalen 3, 4200 Sauda

    Kontaktinformasjon:

    Prost: Sigrid Sigmundstad, tlf: 908 71 457
    E-post: sigrid@hjelmeland.kyrkja.no

    Assisterende stiftsdirektør: Gunnar Rønnestad, tlf: 901 96 389
    E-post: gr575@kirken.no