
Det er ledig stilling som kapellan i Nordhordland prosti med Meland sokn (ca. 6200 medlemmer) som tenestestad.
Kapellan skal ha fokus på arbeid mellom unge familiar, born og ungdom/unge vaksne, og utrusting av frivillige vil vere viktig. Det er forventa at kapellanen tek del i konfirmantarbeid og trusopplæring saman med resten av staben, og har hand om koordinering av søndagsskulen Løvegjengen. Dette er ein spennande jobb for den som er klar for nye utfordringar i eit vekstområde.
Du finn oss 30 minutt køyretur frå Bergen. Kyrkjelyden har visjonen «Nær Gud – nær menneske» og verdiane : «engasjert, mangfaldig og inviterande kvardagskyrkje» . Her er eit rikt gudstenesteliv der fire generasjonar finn sin plass med mange medverkande. Det er rom for ulike musikalske uttrykk, og kyrkjelyden er glad i å syngja. Under gudstenesta er det til vanleg søndagsskule. Kyrkjelyden har eit stort husgruppearbeid, og gruppene er viktige for gruppemedlemmene og kyrkjelydsarbeidet.
Det er eitt kyrkjebygg innanfor tenestestaden som er plassert midt på øya, rundt 5 km frå lokalsenteret Frekhaug. Kyrkjekontoret ligg på det nye «Kyrkjetorget», der det er babysong, Møteplassen (treff på dagtid), språkkafé, konfirmantundervisning og andre aktivitetar. Kyrkjelyden kan gle seg over eit stort engasjement, mange gode frivillige medarbeidarar, og ei fast gjevarteneste som har god oppslutning. Det er viktig å ta vare på relasjonen til kristne organisasjonar og frikyrkjer.
Meir info om kyrkjelyden finn du på kyrkja.no/meland
Tilsette i Meland kyrkjelyd: 100% sokneprest, 100% dagleg leiar (med funksjonar også i fellesrådet) , 100% kyrkjelydsmusikar, 100% diakon, 100% kyrkjelydspedagog, 40% sekretær 60% kyrkjetenar. Staben har i dag kontorfellesskap i trivelege og vel utstyrte lokale i Frekhaug sentrum.
Fordelinga av gudstenester, kyrkjelege handlingar og anna vil gjerast saman med soknepresten. Kapellanen vil i lag med andre prestar og tilsette i fellesrådet utgjere ein ressurs for tiltak og utfordringar som går på tvers av sokna i Alver og i prostiet. Kapellanen vert knytt til eit fagleg nettverk for bispedømet si satsing på ungdom.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester etter oppsett plan i samarbeid med frivillige i gudstenestelag
- Kveldsgudstenester i samarbeid med frivillige
- Konfirmantopplegg i samarbeid med staben
- Delta i trusopplæringstiltak i samarbeid med kyrkjelydspedagog
- Koordinere og følgje opp søndagsskulen Løvegjengen
- Leiartrening og ungdomsarbeid
- Gravferder og vigsler etter oppsett plan
- Tenester ved institusjonane
- Koordinere og følge opp frivillige medarbeidarar
- Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner
- gode evner til formidling og forkynning og ønskje om at kyrkjelyden kan nå lengre med evangeliet
- arbeider sjølvstendig og tek initiativ
- erfaring frå barne- og ungdomsarbeid/trusopplæringsarbeid/leiartrening
- utadvendt og motivert til å nå nye grupper
- fremjer samarbeid med dei frivillige organisasjonane og frikyrkjer der det er naturleg engasjement for kyrkjelyden sin visjon
- Det vil bli lagt vekt på at personen som vert tilsett er personleg eigna
- Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige
- God kyrkjesøking
- Aktiv og variert teneste i eit område med vekst
- Godt kollegafellesskap
- Gode nye kontor og lokale for kyrkjelydsarbeidet
- Stillingskode 0922 kapellan etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsordning hos KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsrettleiing (ABV
Andre opplysingar
Skriftspråket er nynorsk.
Søkjar må ha førerkort og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
I Nordhordland står folkekyrkja sterkt. Prostiet er ein stad der fjord og fjell, bygd og regionsenter, tradisjon og fornying går hand i hand. Her finn du eit levande kulturliv med eit særleg rikt korps- og musikkliv og sterke frivillige miljø med folkekyrkja midt i fellesskapen. Meland sokn er på øyane Holsnøy og Flatøy der Nordhordlandsbrua kjem i land frå Bergen.
Kontaktinformasjon:
Prost: Helge Taranrød
Tlf: 415 28 318
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
Tlf: 936 12 276
