Kirker og trossamfunn
  • Lærdal sokneråd og Årdal kyrkjelege fellesråd
  • Organist/ kyrkjemusikar

    Fast
    Søknadsfrist: 23.02.2026
    Organist/ kyrkjemusikar

    Er du vår nye organist/kyrkjemusikar? Me lyser ut tilsaman 80 % stilling.

    I vakre Sogn er det ledig tilsaman 80 % stilling som organist/kyrkjemusikar. Lærdal sokneråd lyser ut 50 % og Årdal kyrkjeleg fellesråd lyser ut 30 % stilling. Vi vil legge til rette for at det er mogleg å kombinere stillingane. Men det òg mogleg å søkje berre ei av stillingane. Det tek omlag 30 minuttar å køyre mellom kommunane.

    Innbyggjartalet i Lærdal kommune er ca. 2.200 og Årdal kommune ca. 5.200. Kommunane ligg inst i Sognefjorden og har eit godt utbygd tenesteapparat og flott natur med gode tilhøve for friluftsliv. I Lærdal er det tre kyrkjer og i Årdal to kyrkjer, med godt restaurerte orgel.

    Arbeidsoppgåver:

    • Spele til gudstenester- og kyrkjelege handlingar i samarbeid med andre kyrkjelege tilsette.
    • Involvere frivillige musikk-krefter inn i kyrkjeleg arbeid og spele til aktivitetar knytt ulike aldersgrupper.
    • Noko av arbeidet vil førekome på ettermiddag/kveld.

    Vi søkjer etter personar med:

    • Utdanning innanfor orgel/pianospel, andre instrument kan også vere aktuelt. Erfaring innan orgel/piano spel kan kompensere for utdanning.
    • Evne til å arbeide sjølvstendig, men og i lag med andre.
    • Evne til å skape musikkglede og likar å arbeide med folk i alle aldrar.

    Andre krav:

    • Er medlem i Den norske kyrkja.
    • Kan legge fram politiattest.
    • Ha sertifikat og disponere eigen bil.
    • Meistrar skandinavisk språk godt.

    Vi tilbyr:

    • Eit godt og engasjert arbeidsmiljø.
    • Variert arbeidsfelt, og stor grad av sjølvstendig planlegging av arbeidsdagen.
    • Tilsettings- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde.
    • Pensjonsordning i KLP.

    Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, prøvespeling kan verta aktuelt. Vi legg vekt på at søkjarane er personleg eigna til stillinga.

    For meir informasjon, ta kontakt med kyrkjeverje Ellen Veum (Lærdal) på tlf. nr. 40 43 69 71 eller kyrkjeverje Johanne Molland (Årdal) på tlf. nr. 47 79 91 35.

    Skriv i søknaden om du søkjer begge eller ei av stillingane, søknadsfrist: 23.02.2026

    Søknadar med CV sendast til; ellen.veum@laerdal.kommune.no.  Om søknad gjeld berre stillinga i Årdal kan ein sende søknad med CV til; johanne.molland@ardal.kommune.no.