Kirker og trossamfunn
  • Bjørgvin bispedøme
  • Prost i Nordhordland prosti

    Fast
    Søknadsfrist: 03.05.2026
    Prost i Nordhordland prosti

    Nordhordland prosti søkjer ny prost

    Bjørgvin bispedømme søker ein strategisk sterk og samlande leiar til stillinga som prost i Nordhordland prosti.

    Nordhordland prosti har 13 sokn og 7 kommunar. Alver kommune er den største av desse, og har Bergen som nabo i sør. Prostiet har tettbygde sentre og mindre bygder. Det er rike kultur – og musikktradisjonar, variert og rikt kyrkjeliv. Ein av landets største arbeidsplassar ligg på Mongstad i Lindås. Alver har vel 30 000 innbyggarar medan dei seks andre kommunane har til saman 8500 innbyggjarar. Prostiet har 26 kyrkjer, 14 av dei i Alver kommune. Sokna i prostiet har felles driftsansvar for Fjon fjellkyrkje.

    Den kyrkjelege statistikken viser at det er god oppslutning om Den norske kyrkja i prostiet. Medlemstala sett i høve til innbyggartala og prosentvis oppslutnad om kyrkjelege handlingar er høg. Med mange kyrkjer og spreidd busetnad er utfordringa å vidareutvikle eit gudsteneliv som er tilpassa dagens behov.

    Det kristelege livet i den sørlege delen av prostiet er prega av ei breidde av kristne forsamlingar, bedehus og frikyrkjer ved sida av Den norske kyrkja. Medan det kyrkjelege arbeidet i dei mindre kommunane er prega av folkekyrkjeleg engasjement.

    Totalt 13 prester er tilknytt prostiet. Mange pensjonerte prestar er busette i prostiet, og fleire av dei tek gjerne vikaroppdrag. Prosten har kontor i Knarvik kyrkje.

    Prosten leiar prestetenesta i prostiet, og vi ser etter ein prost som har evne og vilje til å inspirere og motivere medarbeidarar og kyrkjelydane. Prosten skal oppmuntre og støtte lokalkyrkjene i arbeidet deira med å styrke gudstenesteliv, frivilligheit og lokal forankring. Den som vert tilsett må ha god fagleg og administrativ kompetanse og gode leiareigenskapar. Stillinga krev gode samarbeidsevner. Erfaring, personlege eigenskapar og formell kompetanse som leiar vil bli vektlagt.

    Erfaring med og kjennskap til HMS-arbeid vil bli vektlagt. Prosten får leiarstøtte fra bispedømmet sin administrasjon. Det er regelmessige møter og godt samarbeid mellom prosten og kyrkjeverjene i prostiet.

    Prosten utførar dei oppgåvene som ligg til prostestillinga (jfr. tjenesteordning for prost), og er forplikta på mål og strategiar som gjeld for bispedømet.

    Vi jobbar etter Den norske kyrkja sin visjon «Meir himmel på jord».

    Arbeidsoppgåver

    • Leie prestetenesta og vere strategisk leiar i prostiet
    • Utøve personalansvar for prestane, inkludert medarbeidarutvikling, oppfølging og kulturbygging
    • Holde gudstenester og gjennomføre årleg besøk i sokna
    • Delta i prostemøter og andre møtepunkt i arbeidsgjevarlinja
    • Utøve menighetsprest-teneste etter biskopen sine bestemmelsar
    • Bidra til god samhandling mellom prestetenesta, fellesrådstilsette og råda
    • Representere kyrkja i lokalsamfunn og regionale arenaer
    • Medlem i Alver kyrkjelege fellesråd

    Kvalifikasjonar

    • Cand.Theol. eller tilsvarande jfr. tenesteordning § 12 om kvalifikasjonar som menighetsprest
    • Erfaring som menighetsprest
    • Erfaring med personalleiing og administrativt arbeid
    • Medlemskap i Den norske kyrkja

    Personlege eigenskapar

    Vi søkjer ein prost som:

    • inspirerer, motiverer og byggjer tillit
    • er relasjonssterk, lyttande og tydeleg
    • fremjer samhandling
    • arbeider strukturert, er beslutningsdyktig og har gjennomføringsevne
    • er trygg i leiarrolla

    Vi tilbyr

    • Stillingskode 0933 prost etter KA sitt tariffområde
    • Etter – og vidareutanning
    • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
    • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
    • Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP. Les meir om offentleg tenestepensjon på www.klp.no
    • Arbeidsrettleiing (ABV)

    Andre opplysningar

    Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., i tillegg avgjerdsler som kan påverke tenesta sine gjeremål, tenestestad og tenestedistrikt.

    Målforma i dei fleste sokna er nynorsk. Søkarar må kunne meistre begge målformer.

    Søkar bør ha førerkort klasse B og disponere bil.

    Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søknaden kan bli offentleggjort sjølv om du ber om unnatak. Grunnlaget for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

    Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) etter politiregisterlova § 39 og trusamfunnslova § 20.

    Bjørgvin bispedøme skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering eller  funksjonsevne. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

    Arbeidssted: Knarvik Kyrkje, Kvernhushaugane 19, 5914 Isdalstø

    Kontaktinformasjon:

    Stiftsdirektør i Bjørgvin: Jan Ove Fjelltveit
    E-post: jf546@kyrkja.no

    HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
    E-post: tm988@kyrkja.no
    Tlf: 936 12 276