Herøy kyrkjelege fellesråd Herøy er ei kystkommune lengst sør i Møre og Romdal med oppunder 9000 innbyggjarar. Øykommunen vår er bunden saman av bruer og kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg. Øya Herøy er ein av nøkkelstadane på Kystpilgrimsleia. Kyrkja er med i nøkkelstadgruppa, og er aktiv med i pilgrimsarbeidet. Vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda og har god kommunikasjon til både Bergen, Oslo og Trondheim. Det tek om lag 75 minutt å reise til Ålesund. Kommunen har ein variert natur med kort veg til sjø og fjell. Sunnmørsalpane og fjordlandskapet i indre del av Sunnmøre er berre ein liten time unna. Der er det også mange moglegheiter for rekreasjon og aktivt friluftsliv. Herøy kommune har eit rikt kulturliv innan mange ulike områder og kommunen har blitt kåra til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal i 2020 og var ein av fire finalistar i 2023 på landsbasis. I fellesrådsområdet er det tre sokn med ei kyrkje i kvart sokn, bygd i ulike hundreår. Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje. Kontorarbeidsplassen ligg i Herøy kyrkje og kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydssal, kyrkjestove, kontor, barne/ungdomsavdeling med eigen gymsal, amfi og lokale til open barnehage/møtestad.
Herøy kyrkjelege fellesråd
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg