Bjørgvin Bispedøme

Draumejobben

— For meg er det ein draumejobb å vera prest. Det betyr så uendeleg mykje for meg å få peika på Jesus. Det er Maria Tveten som seier dette.

Maria er ungdomsprest i Fjell på Sotra og vi møter henne saman med hennar gode kollega Kjersti Gautestad Norheim, kapellan i Birkeland på Nesttun i Bergen. — Vi vil veldig gjerne snakka fram det å vera prest, for vi trivast så godt, seier dei.

Får brukt teologien
— Presteyrket har utruleg mange sider. Frå familiesamling med fredagstaco til sørgesamtalen. Alle stader er eg med i ein fellesskap i ei rolle som er større enn meg sjølv. Eg får lov å peika på at det er ein himmel over liva våre, uansett korleis dei er, seier Kjersti. Ho set pris på mange samtalar med folk, også når ho med prestesnippen på hentar dotter si i barnehagen eller møter folk på butikken.
— Eg trur folk opplever at presten tåler livet, også når det er krise, seier kapellanen som elles synest det er spennande å få jobba med det handverket det er å vera prest — Eg hadde aldri trudd at eg fekk bruka teologien så mykje som eg får gjort i arbeidet med preiker, samtalar og ulike former for formidling.

Dei to prestane arbeider i nokon av landets største sokn og synest det er vanskeleg å seia noko generelt om å jobba i Bjørgvin som er eit bispedøme med store varia-sjonar. — Men det er flott å jobba på Sotra, fint at det er så mange engasjerte menneske som eg får tenkja i lag med. Eg er ikkje åleine i jobben, seier Maria. — Eg synest det er utruleg nydeleg med bergensarar, du får meininga rett ut. Det er masse engasjement, seier Kjersti. Som prest i eit stort sokn blir det mykje meir vekt på oppfølging av medarbeidarar enn i eit mindre sokn der ho var tidlegare. — Det er mange oppgåver og difor er vi avhengige av å vera mange, seier ho.

Kunstnaryrke
– Kva er ulempene med presteyrket?
– Dei mange skifta der vi går inn og ut av ulike relasjonar og situasjonar kan vera krevjande. Det er ein fordel å vera synleg, men når ein ikkje har overskot, er det tyngre, seier Kjersti. Begge to har familie med born frå fem år og oppover. Maria sin mann er også i presteteneste. – Det hender at logistikken er krevjande, men vi trur vel eigentleg ikkje at vi har det verre enn andre engasjerte småbarnsforeldre som også kjenner på tidsklemma, seier Maria. — Vi har som regel god tid om morgonen, og det er viktig med tid til kvile. Soknepresten vår seier at presteyrket også er eit kunstnaryrke, og kunstnarar treng inspirasjon, seier Kjersti.

Kvinneprestar
– Å kome som kvinneleg prest til Bjørgvin har vore ei god oppleving for min del. Eg har blitt veldig godt mottatt, seier Kjersti. Begge var første kvinnelege prest i sine sokn, og dei opplevde at dei fekk ei positiv mottaking både i sokna, prostia og bispedømet sitt.

Maria er tilsett lokalt i fellesrådet, medan Kjersti har bispedømerådet som arbeidsgjevar. Maria fører timeliste og synest det er greit, medan Kjersti set pris på å ha eit fritt yrke med fri arbeidstid. Ho fører likevel timar for sin eigendel, slik at ho passar på å ha nok tid til familien sin.
– I Bjørgvin bispedøme har vi ein eigen personalprest, det er godt å ha ein å snakka med som står heilt utanom linja, seier Kjersti som også peikar på ABV og mentor-ordning for nye prestar som goder i bispedømet, sjølv er ho mentor. Det vert også arrangert fagdag for kvinnelege prestar som begge har vore med på.