Rektor ved Vestborg VGS

Frå 1. august 2018 treng Vestborg VGS rektor i 2-års vikariat. Vestborg VGS. er ein kristen vidaregåande skule med internat som ligg i alpebygda Stranda på Sunnmøre. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. Studieretningane ved Vestborg VGS er studiespesialisering, påbygging, samt idrettslinje frå hausten 2018. Skulen har i dag om lag 90 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet. Mykje info om skulen på www.vestborg.no

Spennande Rektorstilling

Rektor er pedagogisk og administrativ leiar for heile skulens verksemd. Vi søker ein engasjerande og visjonær leiar som

  • Har fokus på høg fagleg kvalitet
  • Har leiarerfaring og eigenskapar som kan fremje samarbeid, trivsel og god kommunikasjon
  • Har relevant høgare utdanning og pedagogisk kompetanse
  • Kan identifisere seg med og fremje skulens målsetjing og det kristne grunnlaget for skulen

 

Vestborg er inne i ei spennande tid med satsing på idrettslinje med breddeidrett og friluftsliv frå hausten 2018. Skulen treng difor ein samlande leiar som kan vere ein aktiv pådrivar i den nye satsinga og samtidig sikre høg kvalitet og god gjennomføring av skulens øvrige drift.

 

Personlige eigenskapar vil verte vektlagt. Lønn etter NLM sitt regulativ for skuleleiarar.

For spørsmål eller informasjon kontakt styreleiar Alfred Reitan, post@areitan.no tlf 957 55 620

Søknad, CV og referansar kan sendast til: info@vestborg.no       

   

Søknadsfrist: 10.januar 2018.

Arbeidsgiver Vestborg
Kategori Utdanning og forskning
Arbeidssted Stranda
Publisert 2017-12-14
Søknadsfrist 2017-01-10
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Vestborg

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger