KATEKET

Kvam ligg midt i Hordaland, ca 1 times køyring frå Bergen, og er innfallsport til Hardanger. Kommunen ligg på nordsida av Hardangerfjorden, med fin utsikt til Folgefonna i sør. Folketalet er om lag 8.600 Kvam har eit rikt kulturliv, og naturen byd på gode vilkår for friluftsliv både sommar og vinter.

Det er ledig 100 % stilling som kateket i Kvam frå 1. august 2018.

I Kvam er det 4 sokn med 5 kyrkjer, ca 8.600 innbyggjarar og 2 prestestillingar. I Kvam er det også tilsett kyrkjelydspedagog i 50% stilling. Administrasjonsmålet er nynorsk.

Fellesrådet har også kyrkjeverje i full stilling, 2 kantorar, kyrkjegardsarbeidar og kontorsekretær

med ansvar for alle sokna. I tillegg er det tilsett kyrkjetenar ved kvar kyrkje. Utanom dei

tilsette er det mange frivillige medarbeidarar som gjer ein stor innsats i kyrkjelydane.

 

Vi søkjer etter person med kateketutdanning, men dei med tilsvarande utdanning som pedagogikk og kristendom vert også oppfordra til å søkje. Vi leiter etter ein fleksibel og kreativ person med gode samarbeidsevner og godt humør. Ein inspirator som kan arbeide målretta og sjølvstendig.

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar til kateketarbeid vil verte vektlagt.

  • Arbeidsområde:
    Kateketen er undervisningsleiar for kyrkja i Kvam
    * Hovudansvar for iverksetjinga av trusopplæringsplanen.
    • Hovudansvar for konfirmantundervisninga.
    • Samarbeid kyrkje/skule/barnehage.
    • Gudstenestearbeid knytt til undervisningsoppdraget.
    • Vegleiing og motivering av frivillige medarbeidarar.
    • Arbeidsoppgåver elles i samsvar med ”Tenesteordning for kateketar”

 

Vi tilbyr eit godt arbeidsfellesskap saman med dyktige og motiverte medarbeidarar.

Kvardagen vil by på samarbeid mellom fellesrådstilsette, prestar, frivillige medarbeidarar og sokneråd.

Kvam er ein langstrekt kommune,  noko som fører til ein del køyring. Kateketen må disponera eigen bil, og får køyregodtgjering etter gjeldande takstar.

Det er utarbeidd stillingsbeskriving for stillinga saman med tidlegare tilsette.      

Kateketen må være medlem i Den norske kyrkja.

 

Fellesrådet kan hjelpe til med å skaffe bustad, og kommunen har god barnehagedekning.

 

Løn, arbeids- og tilsetjingsforhold vert i samsvar med lover, føreskrifter og tariffavtaler som   gjeld i kyrkja.  Fellesrådet har pensjonsordning gjennom KLP.

 

Spørsmål omkring stillinga kan rettast til

kyrkjeverje      Olav Skeie Lid,           tlf. 56 55 17 45  eller

sokneprest       Roar Strømme,          tlf. 56 55 18 88

 

Sjå elles vår heimeside: http://www.kvam.kyrkjer.net

 

Kortfatta søknad med CV kan sendast pr. e-post eller brev

til Kyrkjeleg fellesråd i Kvam  kyrkjeverje@kvam.kyrkjer.net    

 

Søknad med aktuelle vedlegg vert å senda til

Kyrkeleg fellesråd i Kvam, postboks 39, 5601 Norheimsund

 

Søknadsfrist: 15. mars 2018

Arbeidsgiver Kyrkjeleg fellesråd i Kvam
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kvam
Publisert 2018-03-06
Søknadsfrist 2018-03-15
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Kyrkjeleg fellesråd i Kvam

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger