Sokneprest i Sogn prosti med sokna i Vik som tenestestad

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden og har 2674 innbyggjarar. Vik er ei aktiv landbruksbygd med eit sterkt næringsliv. Idrettslaga i Vik driv godt, særleg innan skiskyting, fotball og friidrett. Det er moderne anlegg for skiskyting og rulleski, Om sommaren er det oppkøyrte løyper for langrenn på Vikafjellet. Vik er ein kommune med store fjellområde og fleire turistforeiningshytter. I kommunen er det sju kyrkjer, mellom dei er det ei stavkyrkje og ei steinkyrkje frå mellomalderen. Det er fem kyrkjesokn i kommunen. Det er gudsteneste i hovudsoknet annankvar sundag. I dei andre sokna er det gudsteneste ein gong i månaden.

Det er ledig stilling i Sogn prosti som sokneprest i Vik. 
Sogn prosti omfattar kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland,. Her er 12 prestestillingar. Prosten i Sogn samlar prestane 3-4 gongar i halvåret.

I Vik sentrum er det ei Kyrkjestove med bra aktivitet. Her er småbarnstreff, kvardagsskule og barnekor i kyrkjelydsregi, og to av sokna har ungdomsklubbar. Minikonfirmasjon for 10-åringar har stor oppslutnad. Det er mellom 25 og 35 vanlege konfirmantar i året. Det har i det heile vore satsa mykje på trusopplæring og diakonalt arbeid. Å utvikle kyrkjelydsarbeidet vidare med større grad av frivillig innsats er eit viktig satsingsområde i sokna. 

Staben har sokneprest, kyrkjeverje og kyrkjelydssekretær i fulle stillingar. I tillegg er det kyrkjelydspedagog, kyrkjemusikarar og kyrkjetenarar i ulike stillingsstorleikar samt ei kombinert stilling som fengselsprest og prostiprest. plan for fordelinga av arbeidsoppgåver mellom dei to prestane i Vik vert utarbeida saman med prestane. Presten er ein del av kyrkjestaben i Vik, og deltek i samarbeidet og stabsmøta her. 

OVF stiller den romslege prestebustaden til disposisjon for presten. Bustaden ligg sentralt i bygda, med gangavstand til kyrkje, skule, idrettsanlegg og butikkar.

Stillinga er plassert i lønsgruppe 1555 sokneprest. Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse. Reiseutgifter vert godtgjort etter gjeldande regulativ. Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar. Det vert gjeve tilbod om arbeidsrettleiing. 

Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei kan nytte begge målformene. 
Søkjarar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleggjorde sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagde ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest)

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer ein prest som kan arbeide både tverrfagleg og sjølvstendig
  • som vil bidra til å utvikle kyrkjelydane gjennom forkynning, undervising og organisering
  • som kan vere med å inspirere og motivere friviljuge medarbeidarar
  • som har erfaring frå barne- og ungdomsarbeid/trusopplæringsarbeid

Utdanningsretning:

  • Teologi/livssynsfag

Utdanningsnivå:

  • Mastergrad i teologi og praktikum
  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vik
Publisert 2018-03-23
Søknadsfrist 2018-04-15
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger