Sokneprest i Åsane prosti med Hamre og Hosanger sokn som tenestestad

Osterøy kommune er nabokommune til Bergen. Folketalet i kommunen ved inngangen av 2018 er litt over 8100. Det er stigande. Av desse er 6555 medlemmer av Den norske kyrkja. På Osterøy er det fem kyrkjesokn. (Medlemstal ved inngangen til 2018 i parentes): Hamre (1884), Hosanger (1183), Bruvik (305), Gjerstad (2120) og Haus (1063)

Stillinga som no er ledig har Hamre og Hosanger som tenestestad, men vil også vere tett knytta til arbeidet i dei tre andre sokna. 

Osterøy ligg i Åsane prosti. Det er i alt 17 prestar i prostiet, inkludert prost og to fengselsprestar. Prosten leier prestetenesta i prostiet og ivaretek arbeidsgjevaransvaret overfor prestane. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging. Alle prestane har prostiet som tenestedistrikt, og prostiet utgjer eit beredskapsområde. 

I tillegg til to sokneprestar og ein prostiprest, er det på Osterøy tilsett kyrkjeverje, konsulent, trusmedarbeidar, to kantorar/organistar og kyrkjetenarar ved alle dei fem kyrkjene. 

Den kyrkjelege staben har kontor sentralt i Lonevåg som er administrasjonssenteret i kommunen. (Sjå info om kommunen her: http://www.osteroy.kommune.no/) 

er nyleg tilsett prostiprest i Åsane som vil gjere teneste på Osterøy. Denne presten vil dele sine arbeidsoppgåver mellom sokna på Osterøy og sokna i Arna. Fast kontorstad for prostipresten blir i Arna, ca. 15 minuttar køyretid via bru frå Osterøy. Prostipresten vil inngå i eit samarbeid med dei to sokneprestane om tenesteveker for desse fem sokna, og ho vil også ha eit særleg ansvar for konfirmant- og ungdomsarbeid på øya.

Statistikken for 2016 syner at det var 109 ordinære gudstenester på Osterøy. Det var 81 dåp, 52 gravferder, 17 vigsler og 103 konfirmantar. Soknepresten må rekne med å ta del i konfirmantarbeidet.

Kommunen har ein stor institusjon, Osterøytunet, der prestane gjer teneste etter oppsett turnus.

Det er for tida drøftingar i fellesrådlinja om mogleg samanslåing av sokna på Osterøy. Det kan verta endring i organisering og arbeidsoppgåver for alle tilsette dersom samanslåinga vert ein realitet. 

Kyrkjene i Hamre og Hosanger er begge eldre bygg. Særleg merkar kyrkja på Hamre seg ut som ei særprega kyrkje frå rundt år 1600. Les meir om kyrkjene på øya og om kyrkjelydane på heimesidene: http://www.osteroy.kyrkja.no/

Utdanningsnivå:

  • Mastergrad i teologi og praktikum
  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer etter ein sokneprest som vil vere tydeleg pastoral leiar for kyrkjelydane sine gjennom fokus på gudstenestearbeidet
  • inspirere og medverke til kyrkjelydsutvikling og friviljug innsats i kyrkjelydane
  • samarbeide tett i møte med kollegaer ved fordeling av tenesteveker og andre oppgåver som må løysast i fellesskap
  • ha evne til å kommunisere med konfirmantar, born og unge
  • vere ein synleg prest utanom gudstenestene

Vi tilbyr:

  • Stillinga er plassert i lønsgruppe 1555 sokneprest. Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse. Reiseutgifter vert godtgjort etter gjeldande regulativ. Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar. Det vert gjeve tilbod om arbeidsrettleiing.
  • Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei kan nytte begge målformene.
  • Søkjarar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagde ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest)
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Bergen
Publisert 2018-03-23
Søknadsfrist 2018-04-15
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger