Sokneprest i Sogn prosti med sokna i Årdal som tenestestad

Årdal kommune ligg innerst i Sognefjorden. Mesteparten av dei 5300 innbyggjarane bur i tettstaden Årdalstangen (2100) og Øvre Årdal (3200) som blir kalla Tangen og Øvre. I Årdal er 87,4% medlemer i Den norske kyrkja. Årdal har fleire store industribedrifter som Norsk Hydro og NorSun, og eit spennande arbeidsmarked. Det er rike moglegheiter innan kultur, musikk, idrett og friluftsliv. Årdal er på alle måtar porten inn til Jotunheimen. Vil du oppleva vestlandske dalføre, med djupe dalar og høge fjell, har du mange utsiktar til det i Årdal. Sjå: www.ardal.kommune.no

Det er ledig stilling som sokneprest i Sogn prosti med sokna i Årdal som tenestestad.
Sogn prosti omfattar kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, og Luster . Her er 12 prestestillingar. Årdal, Lærdal og Aurland er eit naturleg samarbeidsområde. 

Årdal har to sokn og to kyrkjer, Nedre Årdal sokn med Årdal kyrkje (1867) og Øvre Årdal sokn med Farnes kyrkje, ei særs tenleg arbeidskyrkje frå 1970.
Det er gode arbeidstilhøve med tenlege kontor, og kyrkjelydshus tett ved sida til Årdal kyrkje.

Det er god oppslutning om dåp, konfirmasjon og trusopplæringstiltaka.
Nøkkeltal for 2017 er 64 gudstenester, 34 døypte, 44 konfirmerte, 3 vigsler og 52 gravferder.

I Årdal vil du møta ein kreativ stab som likar å gjera kvarandre gode gjennom tverrfagleg samarbeid. I staben er det kyrkjeverje (100%), kateket(100%), to organistar (70 og 80%) sekretær(50 %) kyrkjetenar (80%)
I tillegg til den utlyste sokneprestestillingen (100% - medlem i Nedre Årdal sokneråd og Årdal kyrkjelege fellesråd), så er det 50 % sokneprest som er medlem i Øvre Årdal sokneråd. Det vil vera samarbeid om kyrkjelege handlingar i samarbeidsområdet Årdal, Lærdal og Aurland.

Kyrkja i Årdal ønskjer å verta opplevd som ei open og inkluderande folkekyrkje. Kyrkje og kommune har felles mål: saman om eit godt lokalsamfunn. 

Stillinga er plassert i lønsgruppe 1555 sokneprest. Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse. Reiseutgifter vert godtgjort etter gjeldande regulativ. Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar. Det vert gjeve tilbod om arbeidsrettleiing. 

Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei kan nytte begge målformene. 
Søkjarar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleggjorde sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagde ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest)

Kvalifikasjonar:

  • Vi ønskjer ein prest som tek vare på og vidareutviklar det beste innanfor folkekyrkjetradisjonen og gudstenestelivet
  • Er ein god "allround"-prest, gjerne med leiarerfaring
  • Som har evne til å møte omgjevnadane med nærleik, respekt og omsorg
  • Som vil samarbeida om gudstenester og trusopplæring med andre tilsette, sokneråd og frivillige.
  • Kan inspirera det diakonale arbeidet.

Utdanningsnivå:

  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
  • Mastergrad i teologi og praktikum

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeidsevner, både i stab/råd og ut i lokalsamfunnet
  • erfaring med å inspirera og motivera
  • evner til formidling og forkynning av evangeliet til alle aldersgrupper
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Årdal
Publisert 2018-03-23
Søknadsfrist 2018-04-15
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger