Sokneprest i Aust-Nedenes prosti

Åmli kommune er ein vidstrakt kommune i Aust-Agder med om lag 1860 innbyggjarar. Kommunesenteret ligg 6 mil frå Arendal, og 4,5 mil frå Tvedestrand der prosten har sitt kontor. Kommunen grenser mot Telemark i nordaust (Nissedal og Fyresdal kommunar), i vest mot Bygland kommune, og i sør til Gjerstad, Vegårshei og Froland kommunar. Åmli kommune er på heile 1100 km2 og har mykje spreidd busetnad. Åmli kommune har eit godt skule- og barnehagetilbod, vidaregåande skule og eigen kulturskule. I kommunen ligg det særs godt til rette for eit aktivt friluftsliv, sommar som vinter, - vakker natur, med skog, vatn og fjell. Du kan lese meir om Åmli kommune på www.amli.kommune.no. Kyrkjekontoret, som ligg i sentrum, er felles for kyrkjeverje/fellesrådstilsette og prest. Kommunen har 3 kyrkjer og 3 kyrkjegardar. I Åmli sokn ligg Åmli og Tovdal kyrkjer. Åmli kyrkje er kommunens hovudkyrkje og er lokalisert i Åmli sentrum. Den er ei langkyrkje av tre, bygd i nygotisk stil i 1909 med 450 sitteplassar. Kyrkjegarden med bårehus ligg på same staden. Tovdal kyrkje er ei relativt lita langkyrkje av lafta tømmer frå 1820. Også her er det kyrkjegard. Gjøvdal sokn med Gjøvdal kyrkje og kyrkjegard er òg ei lita kyrkje og ligg nordvest for Åmli sentrum. Kyrkja er frå 1803. Her er det òg ein mellomalderkyrkjegard. Til Gjøvdal kyrkje er det 23 km, og til Tovdal kyrkje er det 32 km frå Åmli sentrum.

Kyrkjelydens profil
I tillegg til kyrkjeverje i 80% stilling, er det tilsett organist i 55% stilling og sekretær/trusopplæringskoordinator, samt to kyrkjetenarar i små stillingar. Samarbeidet er godt. Sokneråda har utarbeidd trusopplæringsplanar og handlingsplanar.Tilhøvet til andre kristne organisasjonar er godt. I samarbeid med Norsk Luthersk Misjonssamband og Normisjon er det eit godt tilbod til barn og unge: Dølemoklubben for alle aldrar, babysang, etter skuletid, søndagsskule og skulelag. Normisjon, Misjonskyrkja og Pinseforsamlinga har gått saman om eit stort nytt felles lokale; Åmli menighetssenter. 
Det er om lag 32 gudstenester i året i Åmli kyrkje, 6 gudstenester i året i Tovdal kyrkje og 1 gudsteneste pr. månad i Gjøvdal kyrkje. Sjå www.amli.kirken.no. 
Soknepresten har regelmessige andaktar på kommunens aldersinstitusjon, Åmli pleie- og omsorgssenter i Åmli sentrum.
Det er i gjennomsnitt 10-15 konfirmantar årleg, og om lag like mange dåpshandlingar. Soknepresten står for konfirmantundervisninga, og organisten deltek i undervisninga i vårhalvåret.
Det er eit gjennomsnitt på 20-25 gravferder og om lag 5 vigslar i året.

Kyrkjelydens satsingsområde
Soknerådet ynskjer at evangeliet skal formidlast på ein folkeleg, naturleg og engasjerande måte. Soknerådet er opptatt av også å nå menneske utanr kyrkjas mest aktive kjerne og vere synleg til stades i bygda. Det er samarbeid med organisasjonane om å nå ut med evangeliet.

Gudstenestelivet
Det er om lag 32 gudstenester i året i Åmli kyrkje, 6 gudstenester i året i Tovdal kyrkje og 1 gudsteneste per månad i Gjøvdal kyrkje. Det er godt samarbeid med organisasjonane og kyrkja står sterkt i lokalsamfunnet. Kyrkjesøkinga har vore noko nedgåande dei seinare åra, men sokna prøver å lage tiltak for å auke den. Det er ei vaksen alderssamensetning i den aktive kyrkjelyden. Ein ynskjer å satse på born og unge og å ta vare på dei frivillige. Ein vil vidareføre det gode samarbeidet med skulen.

For øvrig 
Den som blir tilsett må rette seg etter: 
Endringar i tenesteordning for sokneprestar og reglar om lønstilhøve og aldersgrense for geistlege tenestemenn. 
Alle avgjersler som måtte bli tatt når det gjeld teneste og tenestestad.

Søkar må stadfeste at han/ho meistrar begge målformer.

Kvinner oppfordrast til å søke. 

Det kan bli stilt særlege krav til samlivsform i tråd med Lov om forbud mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk § 16.

Ved tilsetting blir det tatt atterhald om at den som tilsetjast kan legge fram ein tilfredsstillande politiattest.

Arbeidsoppgåver:

  • lede gudstenester og kyrkjelege handlingar i sokna
  • sitte i 2 sokneråd og i fellesrådet
  • undervise konfirmantar
  • tenesteveker i samarbeid med Vegårshei, også to tenesteveker i samarbeid med Tvedestrand i semesteret
  • vere ein aktiv del av staben på kyrkjekontoret og delta på stabsmøter.

Personlege eigenskapar:

  • ha evne til å formidle evangeliet på ein folkeleg, naturleg og engasjerande måte
  • ha evne til kontakt med menneske utanfor kyrkjas mest aktive kjerne, og han/ho må ha eit ønskje om eit aktivt engasjement i bygda
  • ha evne til å delta aktivt i arbeid med born og unge
  • ha evne til samarbeid, kommunikasjon og team-arbeid
  • ivareta frivillige på ein god måte

Vi tilbyr:

  • løn som sokneprest i stillingskode 1555
  • pensjonsinnskot
  • godtgjersle etter gjeldande satsar
  • arbeidsrettleiing
  • etter- og vidareutdanning
  • viss ønskeleg kan vi tilby bustad i Åmli prestegard. Bustaden er frå 1906 og totalrenovert i 2002, pussa opp i 2014. Bustaden ligg vakkert til i gangavstand til Åmli kyrkje, og det er stor hage rundt huset. Huset er på 150 m2 i to fulle høgder med loft og kjellar i tillegg og ny dobbel garasje. Oppvarming med elektrisk varmepumpe og vannboren varme samt vedfyring. OVF eig bustaden
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Åmli
Publisert 2018-04-06
Søknadsfrist 2018-04-22
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger