Skulesekretær

Vi har ledig:
100% fast stilling som skulesekretær frå 01.09.2018
Tidlegare tiltreding er mogeleg

Vi søkjar deg som er strukturert, har god evne til omstilling og læring. Du handterer ein variert og tidvis hektisk kvardag, er glad i menneske, jobbar godt både sjølvstending og i samarbeid med andre. Det er ein fordel med erfaring frå liknande stilling - og innan økonomi.

Arbeidsoppgåver vil m.a vere:
Ansvar for sentralbord, postmottak, kasse, kvalitetssikringsarbeid, fakturabehandling/kontering, bokregistrering av lærebøker, innkjøp av kontorrekvisita, elevinntak og andre sekretæroppgåver. Skulesekretæren svarar- og hjelper elevar med praktiske spørsmål.

Vi kan tilby spennande og varierte arbeidsoppgåver i samarbeid med engasjerte medarbeidarar og flotte elevar i skule og internatmiljø.

Lønn etter KS sitt regulativ. 

Sygna vidaregåande skule er ein kristen, vidaregåande internatskule i vakre Balestrand i Sogn. Skulen er godkjent etter friskolelova. I dag har skulen omlag 50 tilsette og 175 elevar. 140 av elevane bur i skulen sine internat. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og byggjer si verksemd på kristen tru.

NLM sitt verdidokument ligg til grunn for stillinga. Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Den som vert tilsett må difor dele det kristne livssynet. 

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest, jmf. Friskolelova §4-3.

Skulen hjelper til med å skaffe bustad. 

For meir informasjon: kontakt rektor Knut Heng eller administrasjonsleiar Anne Margrethe Kråvik, tlf 57 69 45 00. 

Søknadsfrist: 21.06.2018

Søknad med CV og referansar (i første omgang utan attestar) kan sendast rektor Knut Heng på e-post: khe@sygna.vgs.no

Arbeidsgiver Sygna vidaregåande skule
Kategori Administrasjon, økonomi og juss
Arbeidssted Balestrand
Publisert 2018-06-13
Søknadsfrist 2018-06-21
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Sygna vidaregåande skule

Balestrand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger