Vikariat som sokneprest / prestevikar i Vatne og Hamnsund sokn - Nordre Sunnmøre prosti

Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund med 47000 innbyggarar, Sula med 9000, Giske med 8000 og Haram med 9000 innbyggarar. Frå 1. desember 2019 blir Haram ein del av Nye Ålesund kommune. Vatne og Hamnsund sokn er tre fastlandssokn av i alt fire sokn i Haram kommune. Et sokn er knytt til øyane Haramsøy, Lepsøy, Flemsøy og Fjørtoft, også kalla Nordøyane. Vatne ligg omlag 20 minutt frå trafikknutepunktet og handelssenteret Moa aust for Ålesund. Det tek 35 minutt å reise til Ålesund sentrum.

Då soknepresten i Vatne og Hamnsund sokn skal ha eitt års permisjon, er det ledig vikariat som sokneprest/prestevikar. Det er ønskeleg at den som vert tilsett kan tiltre omkring 1. september. Vikariatet gjeld fram til juni 2019, men ein kan også søkje for eit kortare tidsrom.

Vatne sokn har ca. 2300 kyrkjemedlemmer. Kyrkja er frå 1868 og ligg nær Vatne sentrum. I området er det spesielt mange unge familiar, og derav mange dåp i kyrkja. Soknerådet har i fleire år jobba med programmet NAMU (Naturlig menighetsutvikling). 

Hamnsund sokn har ca. 1300 kyrkjemedlemmer. Kyrkja er frå 1875 og ligg nær tettstaden Søvik. Kyrkjelyden har eit inkluderande fellesskap med mange engasjerte. Soknerådet har tidlegare jobba med NAMU. Det blir nytta nynorsk i alle sokna.

Det er 3 sokneprestar i Haram. Prestane samarbeider om tenesteveker i dei 4 sokna og om andakter på institusjonane i kommunen. I høgtidene samarbeider sokna om felles gudstenester. Soknepresten i Vatne og Hamnsund har ansvar for konfirmantane i Vatne med kateketen som tilretteleggjar. I Haram er det god oppslutning om både dåp og konfirmasjon. Kyrkjelydane driv eit stort og aktivt trusopplæringsarbeid med god oppslutning. Prestane tek del i dette arbeidet. Til Sprell Levande-gudstenestene kjem mange barnefamiliar. Her er godt samarbeid med bedehusa og dei kristne organisasjonane, mellom anna i arbeidet blant barn og unge.

Sokneprest i Hamnsund og Vatne har kontor saman med staben i Brattvåg. Her er ein positiv stab som jobbar tett saman med prestane. I Haram er det tilsett kateket, trusopplærar, diakoniarbeidar, to organistar, kyrkjetenarar i alle kyrkjene, kyrkjeverje og ass. kyrkjeverje mfl. Staben har jamlege møtepunkt og samkomer med fokus på teambygging og eit positivt arbeidsmiljø. Staben samarbeider i alle sokna med engasjerte frivillige.
Du kan lese meit om oss her: www.haram.kyrkja.no

Sidan dette er eit vikariat, oppmodar vi studentar til å søkje vikariatet for eit praksisår blant fjord og fjell med aktive kyrkjelydar og ein meiningsfull arbeidsplass! Du må ha gjennomført Ordinasjonssamling 1. 
Ta gjerne kontakt med prosten for ein samtale for eventuelle muligheiter og tilrettelegging for deg. 

Vi ønsker helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngje dette, jf. Offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver:

  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • I tillegg til gudstenester og tenesteveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andakter på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.

Kvalifikasjonar:

  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Sidan dette er eit vikariat, vil teologiske studentar og andre med teologisk kompetanse også kunne bli vurderte til stillinga».
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP).
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

Personlege eigenskapar:

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.
  • Legg til rette for bustad.

Vi tilbyr:

  • Stillinga vert Iøna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Det er eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til morgonbøn og tekstsamtale og andre kollega- og fagsamlingar.
  • Vi vil hjelpe til med å finne bustad.
Arbeidsgiver Møre bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Brattvåg
Publisert 2018-08-02
Søknadsfrist 2018-08-15
Stillingstype Vikariat
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedøme

Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger