Kateket

I Kvam er det 4 sokn med 5 kyrkjer, ca 8.600 innbyggjarar og 2 prestestillingar. I Kvam er det også tilsett kyrkjelydspedagog i 50% stilling. Administrasjonsmålet er nynorsk. Fellesrådet har også kyrkjeverje i full stilling, 2 kantorar, kyrkjegardsarbeidar og kontorsekretær med ansvar for alle sokna. I tillegg er det tilsett kyrkjetenar ved kvar kyrkje. Utanom dei tilsette er det mange frivillige medarbeidarar som gjer ein stor innsats i kyrkjelydane. Vi søkjer etter person med kateketutdanning, men dei med tilsvarande utdanning som pedagogikk og kristendom vert også oppfordra til å søkje. Vi leiter etter ein fleksibel og kreativ person med gode samarbeidsevner og godt humør. Ein inspirator som kan arbeide målretta og sjølvstendig. Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar til kateketarbeid vil verte vektlagt.

Det er ledig 100 % stilling som kateket i Kvam frå 1. januar 2019.

 

  • Arbeidsområde:
    Kateketen er undervisningsleiar for kyrkja i Kvam
    * Hovudansvar for iverksetjinga av trusopplæringsplanen.
    • Hovudansvar for konfirmantundervisninga.
    • Samarbeid kyrkje/skule/barnehage.
    • Gudstenestearbeid knytt til undervisningsoppdraget.
    • Vegleiing og motivering av frivillige medarbeidarar.
    • Arbeidsoppgåver elles i samsvar med ”Tenesteordning for kateketar”

Vi tilbyr eit godt arbeidsfellesskap saman med dyktige og motiverte medarbeidarar.

Kvardagen vil by på samarbeid mellom fellesrådstilsette, prestar, frivillige medarbeidarar og sokneråd.

Kvam er ein langstrekt kommune,  noko som fører til ein del køyring. Kateketen må disponera eigen bil, og får køyregodtgjering etter gjeldande takstar.

Det er utarbeidd stillingsbeskriving for stillinga saman med tidlegare tilsette.      

Kateketen må være medlem i Den norske kyrkja.

 

Fellesrådet kan hjelpe til med å skaffe bustad, og kommunen har god barnehagedekning.

 

Løn, arbeids- og tilsetjingsforhold vert i samsvar med lover, føreskrifter og tariffavtaler som   gjeld i kyrkja.  Fellesrådet har pensjonsordning gjennom KLP.

 

Spørsmål omkring stillinga kan rettast til

                        kyrkjeverje      Olav Skeie Lid,            tlf. 56 55 17 45  eller

sokneprest        Roar Strømme,            tlf. 56 55 18 88

 

Sjå elles vår heimeside: http://www.kvam.kyrkjer.net

 

Kortfatta søknad med CV kan sendast pr. e-post eller brev

til Kyrkjeleg fellesråd i Kvam  kyrkjeverje@kvam.kyrkjer.net    

 

Søknad med aktuelle vedlegg vert å senda til

Kyrkeleg fellesråd i Kvam, postboks 39, 5601 Norheimsund

 

Søknadsfrist: 5. oktober 2018

Arbeidsgiver Kvam Kyrkjeleg Fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kvam
Publisert 2018-09-07
Søknadsfrist 2018-10-05
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Kvam Kyrkjeleg Fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger