Ledig stilling som sokneprest i 50 % med tenestestad Reinli og Leirskogen sokn - Valdres prosti

Valdres har storslått natur og rike høve til aktivt friluftsliv sommar som vinter. Folk i Valdres har stor interesse for tradisjon og historie og folkemusikken er levande. Den musikalske breidda kjem til syne blant anna ved arrangement som Jørn Hilme-stemnet, Valdres sommersymfoni, Vinjerock på Eidsbugarden og Trollrock på Beitostølen. Fagernes er Valdres sin vesle by med fokus på handel og turistnæring. Her blir mellom anna Rakfiskfestivalen arrangert kvart år i november. Valdres prosti har 6 fellesrådsområde (identisk med kommunane); Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Etnedal, Øystre Slidre, Vestre Slidre og Vang med eit samla folketal på om lag 18.000. Eit særpreg ved kyrkjebiletet i Valdres er at kyrkjene ligg tett, med mange små sokn og gode lokale relasjonar mellom folk og kyrkje. Dalen har til saman 34 gudshus, der åtte er mellomalderkyrkjer og seks av desse er stavkyrkjer. Sommargudstenester på gamle kyrkjetufter og stølsmessetradisjonen lever. I 2004 blei Pilegrimsvegen gjennom Valdres opna; 163 km, ein åtte dagars vandring som startar i Hedalen og ender på Filefjell. Det blir organisert fellesvandring her kvar sommar, med god oppslutning. Valdres prosti er godt i gang med å utvikle trosopplæringsarbeidet.

Det er ledig 50% stilling som sokneprest i Valdres prosti med tenestestad Reinli og Leirskogen sokn. Det er presteteneste i spennande miljø der kyrkje, kultur og natur lever i eit godt samspel.
Lengst sør i Valdres, vel 2 timars køyretur frå Oslo og Gardermoen, ligg Sør-Aurdal kommune med tettstaden Bagn som kommunen sitt administrative sentrum.I Reinli, Begnadalen og Hedalen er det barnehagetilbod. Det bur 3100 i heile kommunen som til saman har fem sokn. Med sine to stavkyrkjer, Olavskjelder, krigsminnesmerke, bygdesamlingar, pilegrimsveg og ein rik natur, m.a. skildra gjennom Mikkjel Fønhus sitt forfattarskap, har Sør- Aurdal kommune mykje å by den natur-, kultur- og historieinteresserte. Vegen til flott ski- og turterreng er kort, ein av fleire grunnar til at kommunen har mange hytter i fjellområda. Fiske- og raftingelva Begna renn gjenom kommunen. I Sør-Aurdal er det eit godt tilbod innan idrett og kultur, og det er eit rikt foreiningsliv. Buss-sambandet mellom Oslo og Valdres er godt.

Soknepresten vil ha sokna Reinli og Leirskogen som sitt særskilte ansvar med til saman ca 550 innbyggjarar. Soknepresten vil og gjere tenester etter nærare oppsett plan i dei andre sokna i kommunen. Det er ein sokneprest i 100% stilling til i fellesrådsområdet som har Bagn og Hedalen som tenestestad.

Prestane har gode kontor i kommunehuset i Bagn sentrum saman med kyrkjeverje (100 %), organist (100%) og saksbehandlar (60%). Det er og felles trusopplæringsmedarbeidar for Sør-Aurdal og Etnedal i 40% stilling. Det er ein triveleg stab med jamlege stabsmøte og storstabsmøte fire gonger i året.
Det er gode arbeidsplanar og moglegheit for å sette sjølvstendig preg på arbeidet og eit godt kollegafellesskap og regelmessige studiesamlingar i prostiet.

Reinli sokn har to kyrkjer; Renli stavkyrkje frå ca. 1300 der det er messer i sommarhalvåret og Reinli kapell som vart innvigd i 1965. Kapellet ligg like ved stavkyrkja og blir nytta resten av året. I kapellet er det ei kyrkjestugu og i kjellaren menigheitssal. Leirskogen kyrkje er ei einskipa trekyrkje frå 1924 og ved sida av kyrkja er det ei nyare kyrkjestugu. På Bagn vestås, i eit gamalt stølsområde, ligg Veståskapellet (1968) eigd av Bagn og Reinli sokn. Her er det messer i påskehøgtida og om somaren. Det er årlege friluftsgudstenester ved krigsminnestaden Bagnsbergatn og på Ulekyrkjetomta. Øvrige kyrkje i kommunen er Bagn (1736), Begnadalen (1964) og Hedalen Stavkyrkje (1163)
Sør-Aurdal kommune har eit rikt og godt barne- og ungdomsarbeid i kristen regi.

Folkekyrkja har ein solid plass i kommunen.

Tre sokn i nyttar nynorsk og to nyttar bokmål som målform. Søkarar må opplyse om dei kan nytte begge målføre.

Den som vert tilsett må vise fram politiattest utan merknad.

Anmodning om å få sitt namn unntatt offentlegheit må grunngjevast i søknadsteksten, jfr. Offetlegheitslova § 25.

Arbeidsoppgaver:

  • Soknepresten vil
  • ha sete i Reinli og Leirskogen sokneråd
  • samarbeide med den andre soknepresten, trusopplæringsmedarbeidar og kyrkjeleg stab.
  • delta i trusopplæringstiltak og konfirmantarbeid.
  • halde gudstenester og kyrkjelege handlingar i heile fellesrådsområdet etter oppsett plan.
  • samarbeide med den andre soknepresten om teneste på Sør-Aurdalsheimen, Hedalsheimen og andre institusjonar i kommunen.
  • Delta i beredskapsordninga i Valdres prosti
  • halde nokre gudstenester og kyrkjelege handlingar i prostiet når dette kan innordnast i arbeidsplanen.

Utdanningsretning:

  • Teologi / Livssynsfag

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
  • Praktisk teologisk utdanning

Personlige egenskaper:

  • Vi søker ein sjølvstendig sokneprest, med gode evner til samarbeid, og med tru på folkekyrkja!

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for ABV og kompetanseutvikling
  • Stillinga blir lønna som sokneprest kode 1555
  • Innskot i Statens Pensjonskasse.
  • I tillegg til løna kjem særlege regulative godtgjeringar.
  • Tilsettinga skjer i h.h.t gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i staten.
  • Den som blir tilset må retta seg etter endringar i ansvar og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov-, regelverk og ny tenesteordning for kyrkjelydsprestar i Den norske kyrkja.
Arbeidsgiver Hamar bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Bagn
Publisert 2018-09-11
Søknadsfrist 2018-10-01
Stillingstype Deltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Hamar bispedømme

Hamar
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger