Prosjektleiar for «Ung i Time» 100% stilling

Ønskjer du ei utfordrande og nytenkjande stilling i Den norske kyrkja? Likar du å tenkja nytt? Likar du å arbeida med nye prosjekt? Ønskjer du å driva ungdomsarbeid på Jæren?
Kanskje er du den vi leitar etter og vil ha med på laget. 

Bryne, Undheim og Time kyrkjelydar har gått saman om prosjektet «Ung i Time» og søkjer prosjektleiar/ungdomsprest i 100 % stilling. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å arbeida med kyrkjelydsutvikling blant ungdom i Den norske kyrkja. 

Prosjektet «Ung i Time» har som mål å etablera og utvikla eit kyrkjeleg tilbod for ungdom i kyrkjene i Time, Undheim og Bryne. Vi er på leit etter deg som ønskjer å driva relasjonsbygging med målgruppa, frivillige og tilsette medarbeidarar i kyrkjelydane. Vi er på leit etter ein leiar med god gründerånd. Ein som kan samordna og styrkja arbeidet vi nå driv, og samstundes tenkja nytt om korleis driva ungdomsarbeid i Den norske kyrkja i og på tvers av kyrkjelydane. 

Prosjektleiar vil bli tilsett mellombels for tre år, med høve til forlenging. Prosjektleiar vil vera ein del av Brynestab, og dagleg leiar i Bryne har personalansvaret. Ei styringsgruppe med ein representant frå kvar kyrkjelyd leiar prosjektet.

Arbeidsoppgaver:

  • prosjektleiar for «Ung i Time»
  • byggja eit kyrkjeleg tilbod med og for ungdom
  • leiartrening og medvandring
  • starta felles ungdomsgudstenester
  • forkynning og undervisning
  • delta i konfirmantarbeidet
  • rekruttering og oppfølging av frivillige
  • oppfølging av eittåringar i kyrkjelydane
  • andre oppgåver i kyrkjelydane etter avtale og ønskje

Kvalifikasjoner:

  • Kyrkjeleg utdanning, gjerne som prest eller kateket
  • Det er ønskeleg at søkjar har utdanning i samsvar med tenesteordning for prest eller kateket, anna relevant utdanning/erfaring blir vurdert

Personlige egenskaper:

  • glad i ungdom - glad i Jesus
  • engasjert og initiativrik
  • fleksibel og løysningsorientert
  • inspirator som kan følgja opp unge og vaksne medarbeidarar i kyrkjelydane
  • strukturert med evne til å planlegga langsiktig
  • kunna arbeida sjølvstendig og i team
  • det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • lønn etter avtale
  • triveleg stabsfellesskap på Time kyrkjekontor
  • medlemskap i KLP
Arbeidsgiver Time kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Bryne
Publisert 2018-11-19
Søknadsfrist 2019-01-01
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Time kyrkjelege fellesråd

Bryne
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger