Kyrkjelydspedagog / Trusopplærar

Varhaug kyrkje ligg sentralt på Jæren mellom bygdene Varhaug og Vigrestad. Kyrkja har kyrkjestove tett ved, som ein nyttar til trusopplæringstiltak m.m. Varhaug sokn har rundt 6900 innbyggjarar. Ein har samlokalisert kontor med Ogna sokn og kyrkjeverjekontoret. Soknet har tilsatt Dagleg leiar, sokneprest, organist, kateket, kyrkjelydspedagog, kyrkjetenar.

Kyrkjelydspedagogen har ansvaret for trusopplæringsarbeidet i Varhaug sokn for alderen 0-13år. Det er utarbeidd trusopplæringsplan som ein arbeider etter. 

Dei fleste av tiltaka vert utførde i Varhaug kyrkje. Ein har eit nært samarbeid med menighetspedagog i Ogna sokn og kateket.

Stillinga er fleksibel og du får stor frihet til å planleggje arbeidstida di sjølve.
Kontoret er i nye kontorlokaler på Varhaug kyrkjekontor.
Noko kvelds-og helgearbeid må påreknast.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak, etter trusopplæringsplanen, slikt som Lys Vaken, tårnagentar, Kode B,dåpsskulem.m.
  • 24 hours festival
  • Samarbeid skule-barnehage
  • Familiegudstenester

Kvalifikasjonar:

  • Pedagigisk utdanning som lærar eller barnehagelærar.

Personlege eigenskapar:

  • Du er fleksibel og lett å samarbeida med
  • Du er initiativrik, kreativ og strukturert
  • Du må trivast i møte med barn, unge og friviljuge.
  • Evne og lyst til å formidle til barn.
  • Personleg eignethet vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtaleverket, Pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
  • Varierte arbeidsoppgåver og planleggjing av eiga arbeidstid.
  • Godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode og kreative medarbeidarar.

    Anna:
  • Opplysningar om samlivsform kan bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing (jfr. AML§13.33 og Diskr.lova §16).
  • Det må fremleggjast barneomsorgsattest før tilsetjing kan skje.
Arbeidsgiver Hå kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Varhaug
Publisert 2018-09-27
Søknadsfrist 2018-10-21
Stillingstype Deltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Hå kyrkjelege fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger