Kyrkjeverje

Det bur om lag 5.800 innbyggjarar i Gloppen kommune. Kommunen kan delast i tre bygdelag: Breim, Hyen og området rundt Gloppefjorden. Gloppen har vakker natur som innbyr til tur – og friluftsliv heile året. I tillegg har vi flotte kultur – og idrettsanlegg. Kyrkja står stekt i kommunen. Det er eit godt utbygd tenestetilbod i kommunen.

Gloppen kyrkjelege fellesråd er administrativt organ for Den norske kyrkja i Gloppen – Nordfjord prosti. I Gloppen er det tre sokn med 6 kyrkjer og 6 gravplassar. Det er to sokneprestar i kommunen. Fellesrådet har i dag kyrkjeverje, kyrkjelydspedagogar, kantor i 100 % og organist i 30%, kyrkjetenarar, utearbeidarar og reinhaldarar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
  • Synleggjere verksemda og vere bindeledd til kyrkjelege og kommunale/statlege samarbeidspartar
  • Personal- og økonomiansvarleg
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar
  • Sakshandsamar og sekretær for fellesråd og utval

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne innan økonomi og leiing
  • Leiarerfaring og god økonomi- og datakunnskap
  • God kjennskap til kommunal og offentleg forvaltning
  • God kunnskap om Den norske kyrkja sitt verdigrunnlag og organisering
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Evne til sjølvstendig og strukturert arbeid
  • Medlem i Den norske kyrkja
  • Målforma er nynorsk

 

 Personlege eigenskapar

  • Personleg egna til oppgåvene
  • Samlande leiarstil som byggjer tillit internt/eksternt
  • Samarbeide med relevante partar, vere fleksibel og arbeide systematisk og målretta

 

 Vi tilbyr

  • Gode og tenlege kontorforhold
  • Løn etter avtale. Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovar, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde.
  • Pensjonsordning i KLP

 

 Søknadsfrist: 01.02.2019

  • Søknaden vert å sende til Gloppen kyrkjelege fellesråd, Åsavegen 130. 6823 SANDANE.
  • Epost: post@gloppen.kyrkja.no

 

 Kontaktinformasjon:

May-Britt Indrebø, Fellesrådsleiar, ( +47) 47365493

Kurt Djupvik, Kyrkjeverje, ( +47) 90206828

Arbeidsgiver Gloppen kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Gloppen
Publisert 2018-11-06
Søknadsfrist 2019-02-01
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Gloppen kyrkjelege fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger