Sokneprest i Øvre Telemark prosti med Fyresdal sokn som tenestestad

Fyresdal sokn samsvarar geografisk med Fyresdal kommune som har om lag 1300 innbyggjarar, og har eit areal på 1280km². Fyresdal er ein god plass å bu og trivast. Kommunen har rike friluftsmoglegheitar både til skogs og til fjells, med tilrettelagde stiar og løyper og rein villmark.Alle offentlege tilbod, butikkar, idrettsanlegg, skule, barnehage og symjehall er samla i eit landsbysentrum kalla Folkestadbyen. Samstundes har Fyresdal ein spreidd busetnad i mange grender. Fyresdal har eit aktivt kulturliv med mange tilbod innan idrett og musikk, og det er svært gode aktivitetstilbod til born og ungdom. Pinserørsla i Telemark har ein stor leirstad i sentrum, som er mykje brukt frå fleire delar av landet.
Om kyrkjelyden 
Fyresdal er ein eitt sokns-kommune med to kyrkjer, Moland kyrkje (1843) og Veum kyrkje (1863). Totalt vert det halde 50 gudstenester og 15-20 gravferder i året. Staben er sett saman av sokneprest, kyrkjetenar i 100% stilling, kantor i 50% stilling og kyrkjeverje i 100% stilling. I kyrkjeverjestillinga ligg også klokkarteneste ved gudstenester og gravferder. Fyresdal kyrkjelyd samarbeider med fleire andre kyrkjelydar i Vest-Telemark om prostidiakon i 100% stilling. 

Kyrkjekontoret er samlokalisert med kommuneleiinga og fleire private verksemder i Næringshagen, som ligg berre eit steinkast frå Moland kyrkje og Fyresvatn. Bygdesenteret Folkestadbyen ligg berre 300 m frå Næringshagen . På andre sida av kyrkja ligg prestebustaden, som presten vil kunne leige av OVF. Bustaden frå 1890-talet er ein stor bygning i to etasjar med 200m² grunnflate i kvar etasje. Bygningen vart totalrenovert i 2004, og det vart lagt inn jordvarme med varmepumpe, og oppvarminga er organisert med vassboren golvvarme i 1. etasje og radiatorar i 2. etasje. Bustaden ligg bare 100 m frå Fyresvatn som er om lag 3 mil langt. 

Øvre Telemark romar 12 kommunar med 19,5 presteårsverk og prostesete i Seljord. Prestane møtest jamleg til tenestekonferansar og studiesamlingar, og det er svært gode samarbeidstilhøve. 

Eit stort satsingsområde i prostiet er konfirmant- og leiartreningsprogrammet «Ønsket og elsket» med felles konfirmantleir om sommaren og helgesamlingar for ungdomsleiarar gjennom året. 

Kyrkjelyden sin visjon 
Kyrkja i Fyresdal – open og inkluderande 

Satsingsområde 
• Gudstenestene 
• Barne- og ungdomsarbeid, særskilt konfirmantarbeidet 
• Eldrearbeid 

Tiltak 
• Familiekor 
• Friluftsgruppe 
• Samlingar i kyrkjelydshuset føre ulike samlingar i kyrkja 
• Lys Vaken, Tårnagentane 

For øvreg 
Den som vert tilsett må rette seg etter: 
- Endringar i tenesteordning for sokneprestar og reglar om lønnsforhold og aldersgrense for geistlege tenestemenn. 
- All avgjersle som måtte bli teken vedrørande tenesta og tenestestad. 

Målforma er nynorsk, og den som søkjer må kunne stadfeste at han/ho kan nytta båe målformer. 

Kvinner vert oppfordra til å søka. 

Det kan bli stilt særlege krav til samlivsform i tråd med Lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk § 16. 

Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Arbeidsoppgåver

  • Forkynning, gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Andaktar med sosialt samvær og allsong på pleie -og omsorgssenteret
  • Husbesøk til menneske som ønskjer samtale med presten
  • Delta i trusopplæringsarbeidet og anna kyrkjelydsbyggjande arbeid
  • Strategisk planarbeid saman med sokneråd og kyrkjeverje

Personlege eigenskapar

  • God evne til å koma i kontakt med og samarbeida med andre, men som også har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Ein allsidig person som kan utføre alle slag tenester og arbeidsoppgåver når det trengst, men som samstundes har evne til å prioritera det viktigaste

Vi tilbyr

  • Lønn som sokneprest i stillingskode 1555, LR45
  • Etter- og vidareutdanning
  • Godtgjersle etter gjeldande satsar
  • Pensjonsinnskot
  • Arbeidsveiledning
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Fyresdal
Publisert 2019-02-15
Søknadsfrist 2019-03-17
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger