Sokneprest i Austre Sunnmøre prosti med Stranda og Sunnylven sokn som særskild tenestestad

Austre Sunnmøre prosti består av kommunane, Ørskog, Stordal, Skodje, Norddal, Stranda og Sykkylven med til saman 10 sokn og eit folketal på om lag 21.000 innbyggjarar. Her er ein storslått natur prega av høge fjell og vakre, levande fjordbygder, med svært gode tilhøve for friluftsaktivitetar både sommar og vinter. Det er mange skitrekk og skiløyper i området. Geirangerfjorden med omland er med på UNESCO si verdsarvliste. Prostiet har 8 prestestillingar inklusiv prost. Det er eit godt fagleg samarbeid prestane imellom og i møte med sokneråd og fellesråd. Prostesetet ligg i Ørskog. Frå Stordal er det ein avstand til Ålesund på 45 minutt og til Molde 1,5 timar inklusiv ferje, og ligg i ein bu- og arbeidsmarknadsregion med 120 000 innbyggjarar. Næringslivet i kommunane er prega av industri, handel og transport. I området er det eit rikt kulturliv mellom anna med kor, korps og kulturskular. Det er god barnehagedekning i kommunane.

Det er ledig stilling som sokneprest i Stranda og Sunnylven sokn i Austre Sunnmøre prosti.

Stillinga har Stranda og Sunnylven sokn som særskild tenestestad. Kommunane Stranda, Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje utgjer Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Tre prestar samarbeider nært på om prestetenesta i dei seks sokna Geiranger, Norddal, Liabygda, Stordal, Stranda og Sunnylven. I tillegg vil prostiet ha ein presteressurs på ca. 30% som gjer einskildtenester i dette området.

I Stranda kommune bur det ca. 4600 innbyggjarar, og 82,5% er medlemmer av kyrkja. Stranda sokn har 2835 medlemmer og Sunnylven sokn har 540. Det er 30 km med god veg mellom desse tettstadane i sokna.

Stranda sokn har eit nytt kyrkjelydshus som ligg fint til ved Stranda kyrkje (1838) og inneheld gode lokalitetar for kyrkjelydsarbeid. Huset er mykje nytta. Her vil soknepresten ha oppmøtestad og kontorfellesskap saman med kyrkjelydssekretær, trusopplærar, kyrkjelydspedagog/kateket, kantor, kyrkjegardsarbeidar, rådgjevar økonomi og kyrkjeverje. 

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv den vidaregåande internatskulen Vestborg med ca. 100 elevar. Dei har også eit barne- og ungdomsarbeid. Det er litt samarbeid med skulen. 

Sunnylven sokn, - med tettstaden Hellesylt, har også eit flott og funksjonelt kyrkjelydshus, ca. 100 meter frå kyrkja (1859) med kontorfellesskap for sokneprest, kyrkjelydssekretær, organist og korleiar. Det er pårekna ca. ein dag i veka med kontor for soknepresten her. I kyrkjelyden er det ungdomsklubb og korarbeid for unge mellom 10-15 år. Det er eit svært godt samarbeid med skule og barnehage. Turismen set sitt preg på Sunnylven sommarstida. Ca 100 cruiseskip og fleire hundre tusen turistar vitjar bygda kvar sommar. 

Det er utarbeidd godkjende planar i trusopplæring i begge sokna, og kyrkjelydshusa gjev gode rammevilkår for arbeidet. Her foregår også konfirmantundervisninga. Med kyrkjelydspedagog/kateket på plass, vil vedkomande vere tungt inne i konfirmant- og trusopplæringsarbeidet. Det er også samarbeid over soknegrensene i konfirmantarbeidet.

Folkekyrkja står sterkt i desse områda og innbyggjarane er glade i kyrkjene sine. Sokna ynskjer seg ein prest med visjonar og lyst til å vere med å drive kyrkjelydsarbeid for alle aldersgrupper. Begge sokna har diakoniutval, gudstenestutval og medliturgar ved gudstenestene.

Komande endringar i kommunestrukturen, vil føre til endringar i fellesråds-, samarbeids-, og prostigrenser. Prosten har sete i Kyrkjeleg fellesråd.

Vi vil informere om at det for tida også er ledig stilling i prostiet som sokneprest i Stordal-Liabygda, og kateket/kyrkjelydspedagog i fellesrådsområdet.

Du kan lese meir om Standa kommune og Standafjellet Skisenter her.

Arbeidsoppgåver:

  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid. Soknepresten og resten av staben tek del i kyrkjelyden si trusopplæring og anna arbeid.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane. Nynorsk er nytta i kyrkje og skule.
  • Prestane i prostiet går inn i felles beredskapsordning.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Vi ønsker helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngje dette, jf. Offentleglova § 25.

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
  • Anna utdanning godkjend av Kirkerådet

Personlege eigenskapar:

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Stillinga vert Iøna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Soknet kan hjelpe til med å finne bustad.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Det er eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
  • Sokna kan hjelpe til med å finne bustad.
  • Vi ønsker å legge til rette for at presten i delar av si teneste skal ha høve til å arbeide med ting han/ho har særleg interesse for. Det vert lagt vekt på at prestane skal ha høve til fagleg arbeid og vidareutdanning, og i tillegg til permisjonar som vert tildelte av Regionalt etter- og vidareutdanningsutval, er det etablert ei lokal ordning for studiepermisjon som går på omgang mellom prestane i prostiet.
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Stranda
Publisert 2019-02-26
Søknadsfrist 2019-03-30
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger