Diakon i Ulstein, 100%

Ulstein sokn har samanfallande grenser med Ulstein kommune på Sunnmøre. Kommunen er senter for eit sterkt maritimt miljø, og har godt utbygt handels- og servicetilbod, samt Sunnmøre Folkehøgskule og vidaregåande skule. Kommunen har stor folketalsvekst, og har eit innbyggartal på over 8600. Befolkninga er ung og i skulen er meir enn 30 nasjonalitetar representert. Ulstein har ei soknekyrkje og ein gravplass lokalisert i Ulsteinvik. Det ligg fram føre konkrete planar om bygging av ny arbeidskyrkje. Ulstein sokn er ein av kyrkjelydane med størst oppslutning om gudstenestene i landet, og det er godt samarbeid med lag og organisasjonar. I kyrkjelyden er alle generasjonar og mange nasjonalitetar representerte, og det er stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper. Soknet driv kor og kulturarbeid, Open barnehage, diakonalt arbeid mot eldre og flyktningar, sorggrupper og ulike temasamlingar i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggande arbeid. Kyrkjekontoret har eigne lokale like ved kyrkja og rådhuset. Staben er samansett av: kyrkjeverje (100%), sokneprest (100%), kapellan / 80%), kantor (100%), kateket(100%), diakon (100%), trusopplæringsmedarbeidarar (50% og 40%), kyrkjetenar (35%), sekretær (80%) og b/u-arbeidar (20% ) I tillegg har vi til saman 115% stilling på kyrkjegarden og 30% stilling knytt til barnehagen. Ulstein sokn har føreseielege rammevilkår gjennom ein detaljert avtale med kommunen. Det er gode og positive samarbeidstilhøve mellom embets- og rådsstrukturen og med sokneråd og fellesråd, og det er eit godt arbeidsmiljø ved kontoret.

Vi søkjer etter ein engasjert diakon som kan vere med å gjere visjonen vår, Ulstein kyrkje – saman på ferda, verkeleg for medlemmar og for alle innbyggarane i Ulstein. Logoen med båten og grunnrisset av kyrkja viser at vi lever av og ved havet, der kyrkja i ulikt farvatn, gjennom fleire båtlag skal vere eit truverdig reisefylgje på livferda frå vogge til grav.

Som diakon i Ulstein får ein leve med ein spennande og mangfaldig kyrkjelyd med eit godt arbeid på tvers av alder og nasjonalitet.

Diakonen i Ulstein blir del av ein kreativ og kompetent stab, der vi er glade i arbeidet vårt og folka vi er sett til å tene. Vi arbeider sjølvstendig og i team med kvarandre, frivillige medarbeidarar og på tvers av fagområda. Samhandlinga mellom Sokneråd, stab og utval er god, og kyrkja sitt arbeid er respektert og verdsett som ein viktig del av lokalsamfunnet. Kyrkja har godt samarbeid med ulike kristne lag og organisasjonar. Ein stor speidartropp, KRIK, Ten – Sing, Korklubb, Tween – Sing, søndagsskulen og anna lagsarbeid for barn og ungdom utgjer ilag med Trusopplæringa eit rikt arbeid for born og unge som veks opp her.

Diakonen leiar diakoniarbeid i kyrkjelyden etter ein lokal diakoniplan. Den bygger på dei fire søylane i nasjonal Plan for diakoni i Den norske kyrkja: Nestekjærleik, Inkluderande fellesskap, vern om skaparverket, Kampen for rettferd. Men det er også rom for å setje preg på stillinga gjennom eit engasjement for ulike diakonale område.

Arbeidsoppgåver:

Diakonen leiar soknet sitt omsorgsarbeid gjennom:

  • Besøksteneste
  • Sorgarbeid
  • Integreringsarbeid
  • Omsorg for menneske i naud
  • Rekruttere og rettleie frivillige
  • Bygge fellesskap i kyrkjelyden
  • Vere kyrkje i eit samfunn som er i endring
  • Samarbeid med frivillige organisasjonar

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer ein diakon med god fagleg bakgrunn.
  • Søkjarar med annan relevant utdanning er velkomen til å søkje dersom kvalifikasjonskrav vil kunne verte oppfylte innan tre år.
  • Det vert vist til «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for diakonar» fastsett av Kyrkjemøtet og «Plan for diakoni for Den norske kyrkja».

Personlige eigenskapar:

Det vil bli lagt vekt på at den som blir tilsett er egna for stillinga, og vi har forventningar til at diakonen har:

  • Evne til å skape tillit og kan kommunisere med menneske i ulike livssituasjonar
  • Evne og vilje til både å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide i stab, med frivillige og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Evne til å ta initiativ og å fremja kyrkja si plass i lokalsamfunnet
  • Evne til å vere løysingsorientert, kreativ og fleksibel

Vi tilbyr:

  • Godt kollegialt samarbeidsklima og fellesskap
  • Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fridom til sjølv å påverke eigen arbeidssituasjon
  • Løn etter regulativ i KA
  • Pensjons- og forsikringsordninger i KLP
  • Ulstein kyrkjelege fellesråd er IA-bedrift
  • Vi er til hjelp ved å formidle ønske om å leige bustad.

Anna:

  • Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest.
  • Tiltreding i stillinga 1. september 2019.
  • Les meir om Ulstein sokn: www.ulsteinkyrkje.no
  • Søknad sendes til: post.ulstein@kyrkja.no
  • Ved spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med kyrkjeverje Christfried Kaul, tel.: 91696820

Ulsteinvik, som også er kjent som kulisse for TV-serien Heimebane, er ein attraktiv stad å bu i med ein fantastisk natur rundt som byr alt frå surfing på Flø, til tindeklyving i Sunnmørsalpane og kort veg til populære skianlegg. Det urbane er tilgjengeleg i bygdebyane og Ålesund, og det er kort veg til to flyplassar. Kommunen har full barnehagedekning og gode tilbod innan skule og fritidsaktivitetar, og ei etablert kulturskule. Med moderne kulturhus, bibliotek, svømmehall, klatrehall, og mange moderne idrettsanlegg som er heimebane for bl.a. fotballklubben Hødd og Dimna IL, har Ulsteinvik det som skal til for å vere ein framtidsretta plass.

Arbeidsgiver Ulstein Sokn
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ulsteinvik
Publisert 2019-03-14
Søknadsfrist 2019-04-10
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Ulstein Sokn

Ulstein
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger