Sokneprest i Øvre Telemark prosti med Tinn sokn som tenestestad - Agder og Telemark bispedømme

Tinn kommune, med eit vakkert kulturlandskap, ligg ved den austlege delen av Hardangervidda. Rjukan by er bygd opp på grunnlag av industrialiseringa tidleg på 1900-talet, medan bygdene representerer ei anna kulturhistorie, der det gamle bondesamfunnet rådde grunnen. I tillegg til primærnæringane har Tinn kommune i dag eit mangfald av industri og servicenæringar og eit rikt kulturtilbod for alle alderstrinn. Turisme er ei næring i sterk vekst, med mellom anna auka hyttebygging i Skirvedalen og Hovin. Området inviterer til rikt friluftsliv sommar som vinter
Om kyrkjelyden 
Tinn sokn omfattar bygdene i øvre enden av Tinnsjøen. Nabosoknet er Rjukan der også senteret for Tinn kommune ligg. Soknet har om lag 3000 innbyggjarar og vert betjent av sokneprest i heil stilling, organist i heil stilling og klokkarar i deltidsstillingar. Tinn sokn deler diakon i heil stilling og trusopplærar i halv stilling med Rjukan sokn. Kyrkjekontoret med kyrkjeverje, kontorfullmektig og kyrkjetenarar/kyrkjegardsarbeidarar held til på Rjukan, men bygdestaben har også eigne kontor i bygda, med stabsmøte annankvar veke. Tinn sokn har fire kyrkjer, Atrå (1836), Austbygde (1888), Mæl (1839) og Hovin (1850). I fjellet ligg Skirva fjellkyrkje (1976). 
Totalt vert det halde omlag 52 forordna gudstenester og 30-35 gravferder i året. 

I nærleiken av Atrå kyrkje ligg prestebustaden, som presten vil kunne leige av OVF. Huset er bygd i 1974 og er nyleg oppussa. Til bustaden høyrer garasje og stor hage med ulike frukttre. Det ligg i gangavstand frå barne- og ungdomsskule og barnehage. Det er full barnehagedekking i kommunen. 

Øvre Telemark har prostesete i Seljord. Prestane møtest jamnleg til tenestekonferansar og studiesamlingar, og det er svært gode samarbeidstilhøve. 

Kyrkjelyden sin visjon 
Et levende fellesskap - for alle 
Vi ønskjer å vera ei inkluderande, mangfaldig, høgtideleg, tradisjonsberande og livsnær kyrkje. 

Kyrkjelyden sine satsingsområder og tiltak 
Eit stort satsingsområde i prostiet er konfirmant- og leiartreningsprogrammet «Ønsket og elsket» med felles konfirmantleir om sommaren og helgesamlingar for ungdomsleiarar gjennom året. 
Tinndølene har eit relativt nært tilhøve til kyrkja. Mange døyper borna sine og vel konfirmasjon i kyrkja. Det er eit rikt korarbeid i bygda, med Tinn barnekor og Tinn Gospel. Det diakonale arbeidet er prega av mangfald og nyskaping. Kyrkjebladet «Kyrkjebod» er ein viktig kommunikasjonskanal for sokna i kommunen og vert drive av friviljuge. 

Soknerådet har eit godt tilhøve til Tinn Normisjon som driv verdifullt arbeid for born og unge i Austbygde bedehus. Det er også gode samarbeidstilhøve til kommune og lokalsamfunn. 

Andre vilkår 
Den som vert tilsett må rette seg etter: 
- Endringar i tenesteordning for sokneprestar og reglar om lønnsforhold og aldersgrense for geistlege tenestemenn. 
- All avgjersle som måtte bli teken vedrørande tenesta og tenestestad. 

Målforma er nynorsk, og den som søkjer må kunne stadfeste at han/ho kan nytta båe målformer. 

Kvinner vert oppfordra til å søka. 

Det kan bli stilt særlege krav til samlivsform i tråd med Lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk § 16. 

Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Arbeidsoppgåver

  • forkynning, gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • ansvar for konfirmantarbeidet
  • andaktar på Tinn helsetun
  • husbesøk til menneske som ønskjer samtale med presten
  • delta i trusopplæringsarbeidet og anna kyrkjelydsbyggjande arbeid
  • møte i soknerådet

Utdanningsnivå

  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende

Personlege eigenskapar

  • god evne til å koma i kontakt med og samarbeida med andre
  • evne til å arbeide sjølvstendig
  • interesse og engasjement for å arbeide med born, unge vaksne og eldre

Vi tilbyr

  • løn som sokneprest i stillingskode 1555, LR45
  • etter- og vidareutdanning
  • godtgjersle etter gjeldande satsar
  • pensjonsinnskot
  • arbeidsrettleiing
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Tinn
Publisert 2019-04-10
Søknadsfrist 2019-05-05
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger