Diakon 80%

 Frå 01.09.2019 er det ledig 80% stilling som diakon i Radøy sokn. Soknet styrkjer no kyrkjelyden sitt diakonale arbeid med ei nyoppretta stilling som diakon/diakonimedarbeidar. Diakonen blir ein del av staben på kyrkjekontoret på Manger.  

Radøy er ein kommune med 5000 innbyggjarar med eit rikt kultur- og samfunnsliv, der kyrkja har ei sterk stilling. Frå 01.01.2020 vil Radøy vere ein del av Alver kommune. Radøy kommune har eitt sokn med 4 kyrkjer, Manger, Sæbø og Hordabø kyrkjer og dessutan Emigrantkyrkja som er ein del av Vestnorsk Utvandringssenter.  

Kyrkja vår vil forkynne Kristus, byggje kyrkjelyd og fremje rettferd. Radøy sokn styrkjer no kyrkjelyden sitt diakonale arbeid med ei nyoppretta stilling for diakon/diakonimedarbeidar. Stillinga vil vere lokalt forankra på Radøy. Diakonen blir ein del av staben på kyrkjekontoret som ligg på Manger, ca 5 mil frå Bergen sentrum. Staben består av prestar, kantorar, kyrkjetenarar, trusopplærar, frivilligkoordinator og sekretær. Kyrkjekontoret held til i nyleg ombygde lokale med kontorplassar, samtalerom og «Rasteplassen», eit rom for ulike aktivitetar og arrangement. Kyrkjelyden har diakoniutval. Kyrkjeverja vert diakonen/diakonimedarbeidaren sin næraste overordna.  

Meland sokn har også diakon. Frå 01.01.2020 blir det dermed to diakonstillingar i nye Alver kommune som vil kunna spela på kompetansen til kvarandre og byggja ein felles diakonal identitet for nye Alver kommune.

 

Arbeidsoppgåver:

  • For å styrkja og synleggjera kyrkja sitt samfunnsansvar i det diakonale arbeidet ynskjer vi å prioritera fylgjande:

  • Styrking av omsorgsfellesskapet og fremje diakonal haldning i kyrkjelyd og lokalsamfunn
  • Byggja bru mellom den gudstenestefeirande kyrkjelyden og lokalsamfunnet
  • Besøksteneste og anna arbeid for eldre
  • Internasjonalt arbeid med flyktningar og innvandrarar
  • Førebyggjande og oppsøkjande arbeid overfor born og ungdom
  • Rekruttering, rettleiing og opplæring av frivillige medarbeidarar
  • Sorggrupper  -  samtalegrupper i samarbeid med andre delar av den nye Alver kommune.
  • Prøva ut konseptet "Diakonale overraskingar" utarbeidd i Nannestad, sjå http://www.overraskelse.no/

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning i høve til tenesteordning for diakonar. Sjå: «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for diakonar» fastsett av Kyrkjemøtet og «Plan for diakoni for Den norske kyrkja». Den som vert tilsett får tittel «diakon». 

    Andre med relevant høgare utdanning kan òg søkje, til dømes utdanning på bachelornivå innan helse- og sosialfag eller pedagogikk. Den som vert tilsett får tittel «diakoniarbeidar». Fellesrådet vil då kunne leggje til rette for at denne kandidaten kan få ta master i diakoni innan fire år frå oppstart i stillinga.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å ta initiativ, etablere kontakt og inspirere andre
  • Fleksibel Evne til å utfordre både seg sjølv og andre, og sjå høve til å oppnå mykje gjennom å skape eit engasjement, både hos kollegaer, samarbeidspartnarar og frivillige medarbeidarar
  • Evne og lyst til kompetansedeling

Vi tilbyr:

  • Fleksibel arbeidstid
  • Dyktige, engasjerte kollegaer, både frivillige og tilsette
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø
  • God tilrettelegging for fagleg utvikling og vidareutdanning
  • Gode kontorlokale
  • Kvelds- og helgearbeid må påreknast Løn etter gjeldande satsar og pensjonsordning
  • Annet

  • Erfaring frå diakonalt arbeid
  • Medlem av Den norske kyrkja
  • Den som blir tilsett må leggja fram tilfredsstillande politiattest, jfr Kyrkjelova § 29
Arbeidsgiver Radøy sokn
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Manger
Publisert 2019-05-08
Søknadsfrist 2019-05-25
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Radøy sokn

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger