Sokneprest i Øvre Telemark prosti med Hjartdal sokn som tenestestad

Hjartdal kommune er ein triveleg kommune med gode og trygge oppvekstsvilkår. Avstanden til Notodden er ca 20 minuttar. Derfrå går det time-buss til Oslo. Stamvegen E 134, som går gjennom kommunen, er med på å sikre gode kommunikasjonar både mot aust og vest. Næringslivet i kommunen er knytt til landbruk, skogbruk, turisme og handverkstenester. Det er eit rikt kulturliv i kommunen og dugnadsviljen er stor. Det er husflidslag og aktivt pensjonistlag i kvar bygd og felles blandakor for heile kommunen. Det er gode friluftstilbod for både sommar- og vinteraktivitetar, og her ligg eit gamalt spesielt høgfjellshotell. Dei tre bygdene, Hjartdal, Sauland og Tuddal har kvar si vakre korskyrkje i tre. Meir informasjon om Hjartdal kommune kan du finna på www.hjartdal.kommune.no.

I Hjartdal er det eitt kyrkjesokn med 1.400 medlemmer. Det vert halde gudstenester i kvar av dei tre kyrkjene ein gong i månaden. Kvart år vert det gjennomsnittleg halde 50 gudstenester, 15 dåp og 20 gravferder. Dei aller fleste ungdommane vert kyrkjeleg konfirmerte, om lag 20 kvart år, og konfirmantarbeidet er knytt til eit større konfirmant- og leiartreningsprogram i prostiet. Halvparten av undervisninga skjer likevel lokalt. Kyrkja har eit godt samarbeid med skulane i kommunen og med og med sjukeheimen. Det er også eit ope og godt forhold med pinsevennene. 

Det er eige menighetshus i kvar av dei tre bygdene. Soknepresten har så langt hatt kontor i prestebustaden, men det kan verta aktuelt å dela kontor med resten av staben på eit seinare tidspunkt. I kyrkjestaben er det i tillegg til sokneprest, diakon, organist og kyrkjetenarar. Kyrkjeverjefunksjonen er under utgreiing. Kyrkjelyden har godkjent trusopplæringsplan og har knytt til seg ein del frivillige. 

Til stillinga ligg også kyrkjelege handlingar i Notodden kommune tilsvarande 20% stilling, i praksis om lag 25 gravferder i året. 

Den som vert tilsett må rette seg etter: 
- endringar i "Tjenesteordning for menighetsprester" og reglar om lønnstilhøve og aldersgrense for geistlege tenestemenn. 
- all avgjerdsle som vert teken vedrørande tenesta og tenestestad. 

I Hjartdal er nynorsk målform i kyrkjelyd og kommune. Søkjaren må stadfesta at han/ho kan nytta båe målformer. 

Kvinner vert oppmoda om å søkja. 

Det kan bli stilt særleg krav til samlivsform i tråd med Likestilling- og diskrimineringslova § 30. 

Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Den som ynskjer det kan leiga prestebustad eigd av OVF, ein moderne bustad frå 1960 som vart pussa svært bra opp i 2013. Den er i god stand, og ligg sentralt i Sauland sentrum. Frå huset er det kort veg til kyrkje, menighetshus og kyrkjekonto

             

 

Arbeidsoppgåver:

  • forkynning, gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • deltaking i trusopplæringa og anna barne- og ungdomsarbeid
  • sjelesorg

Personlege eigenskapar:

  • ha evne til å koma i kontakt med folk, byggja nettverk og inspirera
  • gode samarbeids- og leiarevner
  • god formidlar

Vi tilbyr:

  • løn som sokneprest i stillingskode 1555
  • pensjonsinnskot
  • godtgjerdsle etter gjeldande satsar
  • arbeidsrettleiing
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Hjartdal
Publisert 2019-08-06
Søknadsfrist 2019-08-25
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger