Sokneprest i Indre Romsdal prosti med Voll og Vågstranda sokn som særleg tenestestad.

Indre Romsdal prosti omfattar kommunane Rauma, Nesset og Vestnes med til saman 15 sokn og ca 16.100 medlemmar i Den norske kyrkja. Prostesetet ligg på Åndalsnes og prostiet har seks stillingar som kyrkjelydsprest fordelt på tre samarbeidsområde. I tillegg er det engasjert prostiprest og sekretær for prosten. I Rauma er det også tre samarbeidsområde; Hen, Eid og Holm sokn på nordsida av kommunen. Grytten, Kors og Øverdalen sokn med Åndalsnes og Romsdalen og Voll med Innfjorden og Vågstranda sokn på sørsida. Det er 3 prestar i dette samarbeidsområdet. Den eine presten er og prost i Indre Romsdal prosti. Rauma kommune ligg i Møre og Romsdal og har noko av Noregs villaste fjellområder med mellom anna Trollveggen, Romsdalshorn og Venjetindane. Kommunen har 7400 innbyggjarar og kommunesenteret på Åndalsnes er også kjent som Noregs tindehovedstad. Det er eit fantastisk område for mennesker som er glad i friluftsliv, og med visjonen om å bli "Verdens beste kommune for naturglade mennesker", ynskjer kommunen å stimulere til aktivt bruk av den spektakulære naturen.

Det er ledig stilling som sokneprest i Voll og Vågstranda sokn i Rauma kommune i Indre Romsdal prosti. 
  
Stillinga har sokna Voll og Vågstranda som særskilt arbeidsområde. Presten gjer også teneste i eit samarbeidsområde som geografisk fell samen med Rauma kommune. Heile Indre Romsdal prosti er tenestedistrikt. Soknepresten har for tida sete i dei to sokneråda Voll og Vågstranda. Dei andre to prestane har sete i henholdsvis Hen, Eid og Holm, Grytten, Kors og Øverdalen sokn. Alle prestane gjer teneste i heile samarbeidsområdet. Ein må også rekne med nokre tenester i prostiet for øvrig. 
  
Det er kyrkjeverje i 100% stilling, 2 organistar i til saman 130% stilling, driftsleiar i 100% stilling, kontorsekretær i 40% stilling, diakon i 70 % stilling, trusopplæringsmedarbeidarar i 100 % stilling, prostesekretær, samt klokkarar og kyrkjetenarar i mindre deltidsstillingar. Prestane og dei fellesrådstilsette har kontor- og stabsfellesskap ved kyrkjekontoret i Åndalsnes. 
  
Voll sokn, med om lag 1000 medlemmer, har kyrkje i Måndalen. Innfjorden bedehuskapell ligg og i soknet. Bedehuskapellet er eigd av Innfjorden bedehusforening. Det er ca. 25 gudstenester i året i Voll sokn. Vågstranda sokn, med om lag 395 medlemmer, har kyrkje på Vågstranda og har ca 10 gudstenester i året. Det vert regelmessig halde friluftsgudstenester i Innfjorden. Konfirmantundervisninga for dei 2 sokna er på Måndalen skule når den ikkje er i kyrkja. På bedehuset på Vågstranda har dei søndagsskule. 
  
Det er god oppslutnad om dåp og konfirmasjon både i Voll og Vågstranda. Kyrkjelydane i Rauma har eit felles diakoniutval. Trusopplæring er organisert i begge sokna. Trusopplæringsmedarbeidarane er med i alle kyrkjelydane. Anna kyrkjebyggjande arbeid blir også gjort av uløna medarbeidarar. I kommunen har vi eit gospelkor for vaksne. 
  
Organistane har eit nært samarbeid med andre song- og musikkutøvarar i gudstenester og til song- og musikkarrangement. I samarbeidsområda er det mange bedehus, der det fleire stader er god aktivitet. Samarbeidet mellom kyrkja, skulane og dei frivillige organisasjonane er positivt og godt. 
 

I Åndalsnes ligg endestasjonen for Raumabanen med bussforbindelse til Molde og Ålesund. Næringsgrunnlaget er dominert av jord-/skogbruk, industri og reiseliv. Åndalsnes er kommunesenteret med kommuneadministrasjon, legesenter og butikkar og nytt helsehus. Kommunen har god barnehagedekning og har 6 kommunale barneskuler, 3 ungdomsskular, ein vidaregåande skule og ein privat barneskule. Det er også kommunal musikk- og kulturskule. I Rauma kommune er det aktive idrettslag og andre ulike lag og foreiningar.

 

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • I samarbeidsområdet deler dei 3 prestane gudstenester og kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett arbeidsplan og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane. Nynorsk er nytta i kyrkje og skule. Bokmål blir nytta i deler av kommunen.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer etter ein prest som har evne til åndeleg og strategisk leiing. Det blir lagt vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Å sjå og oppmuntre medarbeidarar og vere med å løyse ut og utvikle tenestegåver hos andre blir sett som viktig, likeeins vilje til teambygging i arbeidet for å nå kyrkjelyden sine mål.
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"(VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Språkforma i kyrkjene er nynorsk.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jr. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
  • Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
  • Anna utdanning godkjend av Kirkerådet

Personlege eigenskapar:

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Skape godt samarbeid med ansatte og frivillige medarbeidarar.
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.

Vi tilbyr:

  • løn etter hovudtariffavtalen i KA, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Åndalsnes
Publisert 2019-08-08
Søknadsfrist 2019-08-20
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme

Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger