Sokneprest i Indre Romsdal prosti med Nesset, Eresfjord, Vistdal og Eikesdal sokn som særleg tenestestad

Indre Romsdal prosti omfattar kommunane Nesset, Rauma og Vestnes med tilsaman15 sokn og ca. 16.100 medlemmar i Den norske kyrkja. I prostiet er det 6 prestestillingar fordelt på 3 samarbeidsområder. Nesset er eit av desse samarbeidsområda, og har 1 stillingsressurs. Indre Romsdal har eige prostilag, men samarbeider fagleg med prostilaget i Molde domprosti. Soknepresten i Nesset har sete i dei fire sokneråda. Prosten i Indre Romsdal prosti har sete i Nesset fellesråd. Frå 1.1.2020 slår Nesset kommune seg saman med Molde og Midsund kommune. Navnet på den nye kommunen blir Molde kommune. Nesset, Eresfjord, Eikesdal og Vistdal sokn blir da overført til Molde domprosti frå 01.01.2020.

Det er ledig stilling som sokneprest i sokna Nesset, Vistdal, Eresfjord og Eikesdal i Nesset kommune i Indre Romsdal prosti.

Sokna utgjer eit særskilt arbeidsområde for stillinga. Indre Romsdal prosti er tenestedistrikt. Soknepresten i Nesset har kontor og stabsfellesskap med dei fellesrådstilsette på kyrkjekontoret i Eidsvåg. Det er per no tilsett kyrkjeverje i full stilling. I kommunen er det elles menighetsarbeidar i full stilling, trusopplæringsmedarbeidar i 40 % stilling og organist i 64 % stilling. Det er to fulle stillingar for kyrkjetenarar/kyrkjegardsarbeidarar Menighetsarbeidaren har hovudansvar for konfirmantopplegget der soknepresten tek del. 

Kyrkjene i dei fire sokna er alle bygde i tida 1866 - 78 og er i relativt god stand. Frå Eidsvåg sentrum til Sira kyrkje i Eresfjord er det ca. 16 km, til Vistdal kyrkje ca. 35 km og til Eikesdal kyrkje 45 km. 

I Nesset sokn er det forordna 20 søn- og helgedagsgudstenester årleg, i Vistdal 10, i Sira kyrkje 8 og i Eikesdalen er det 7 gudstenester årleg. Nokre få gudstenester vert haldne andre stader enn i kyrkjeromma. Talet på gravferder ligg på kring 35 kvart år, og talet på vigslar er kring 8. Talet på konfirmantar er ca. 30. Soknepresten held regelmessig andakt ved dei to sjuke- og aldersinstitusjonane. Soknepresten har fast sete i alle fire sokneråda i kommunen og i Nesset kyrkjeleg fellesråd ut 2019. 
Kyrkjelydane har dei siste 10-15 åra satsa sterkt på trusopplæringsarbeidet i kommunen og opp mot 100% deltaking i dei fleste aldersgruppene fram til konfirmasjonsalder. Vi har god kvalitet og nyttar mykje song og musikk med på tiltaka våre.

Målforma i sokna er delt slik at det er bokmål i Nesset sokn og nynorsk i dei andre sokna.

Nesset kommune er ein fjord- og jordbrukskommune som strekkjer seg over 1048 kvadratkilometer kring inste delen av Langfjorden i Romsdal. Det er i underkant av 3.000 innbyggjarar i kommunen fordelt på 11 bygder.

Kommunen har fem barnehagar, ein kombinert barne- og ungdomsskule i Eresfjord, ein barneskule i Vistdal og barne- og ungdomsskule i Eidsvåg. Sentrum i kommunen ligg per no i Eidsvåg med rådhus, legevakt, sjuke- og aldersheim og eit utval butikkar.
Kommunen har eit rikt kulturliv. Fjellheimen og fjordane gir gode høve til rekreasjon og eit variert friluftsliv. 
Kommunikasjonane er gode. Det er ca. 5 mil til Molde som har flyplass, sjukehus, vidaregåande skular og høgskule. Til Åndalsnes er det ca. 9 mil med jernbanetilknyting til Oslo. På Åndalsnes er det også vidaregåande skule. 3,5 mil til Sunndalsøra og 8 mil til Kristiansund.
Les meir om Nesset kommune her: www.nessetkommune.no

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • Soknepresten og resten av staben tek del i kyrkjelyden si trusopplæring og anna arbeid.
  • Soknepresten er med på å vidareutvikle bibelundervisning for vaksne.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane. Nynorsk er nytta i kyrkje og skule.
  • Prestane i prostiet går inn i beredskapsordning.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer etter ein prest som har evne til åndeleg og strategisk leiing. Det blir lagt vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Å sjå og oppmuntre medarbeidarar og vere med å løyse ut og utvikle tenestegåver hos andre blir sett som viktig, likeeins vilje til teambygging i arbeidet for å nå kyrkjelyden sine mål.
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"(VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.  Tenestemålet i området er nynorsk.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jr. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
  • Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
  • Anna utdanning godkjend av Kirkerådet

Personlege eigenskapar:

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Skape godt samarbeid med ansatte og frivillige medarbeidarar.
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.

Vi tilbyr:

  • løn etter hovudtariffavtalen i KA, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
  • tnestebustad som er eig av Opplysningsvesenets fond.
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Eidsvåg i Romsdal
Publisert 2019-08-08
Søknadsfrist 2019-08-20
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme

Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger