Fengselsprest ved Hustad fengsel

Hustad fengsel ligg på Farstad i Fræna kommune, om lag 45 minutt køyring frå Molde sentrum. Hustad fengsel starta opp i 2005 og betener hovudsakleg Romsdal og Nordmøre, men tidvis også andre distrikt. Fengselet er underlagt Kriminalomsorga region vest og har tre avdelingar, to med høg sikkerheit og ei med lågare sikkerheit. Til saman er det 60 innsette ved fengselet. Frå juni 2009 fekk Hustad fengsel status som naturfengsel. Fengselet ønskjer å profilere seg som eit fengsel som brukar naturen til kriminalførebyggjande soning. Fengselet har prest, bibliotek, helseavdeling og fekk særskilt rusmestringstiltak i 2012. Vi gjer merksam på at det for tida også er ei ledig stilling som kapellan i Myrbostad og Vågøy sokn i Fræna kommune.

Det er ledig stilling som fengselsprest ved Hustad fengsel i Fræna kommune.

Stillinga vert lyst ut som 80 % av full stilling med Molde domprosti som tenestedistrikt og Hustad fengsel som særskild tenestestad. Dersom den som vert tilsett ynskjer det, kan stillinga gjerast om til full stilling. 20 % av tenesta vil då vere i resten av Molde domprosti.

Presten sine hovudoppgåver er individuelle samtalar, samtalegrupper, gudstenester og miljøarbeid. Andre oppgåver er kontakt med pårørande, kontakt og samarbeid med kyrkjelydar og organisasjonar utanfor fengselet. 

Fengselspresten vil gå inn i krevjande oppgåver der evne til å stå i utfordrande relasjonar til menneske i krise og evne til samarbeid med andre fagpersonar er avgjerande. 
Fengselspresten er ein viktig samarbeidspart for dei andre faggruppene i fengselet og er med i fengselet sin fagstab. Fengselet skal legge til rette for at innsette som høyrer til andre religionar, trussamfunn eller livssyn, får kontakt med representantar for desse.

Domprosten er næraste overordna og leier prestetenesta i prostiet. Fengselspresten tek del i prosten sine samlingar med prestane i prostiet, arbeidsvegleiing og fengselsprestane sine fagdagar på landsplan.

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Den norske kyrkja si verksemd i fengsla er regulert gjennom forskrift om "Tjenesteordning for fengselsprester." Den norske kyrkja sine oppgåver i fengsla er dessutan omfatta av Straffegjennomføringslova §4 om forvaltningssamarbeid med andre offentlege etatar.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer etter ein prest med evne til å utøve pastoralt leiarskap og til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg med fengselet sine tilsette.Vi ønskjer også ein prest med syn for å setje av tid til eiga fornying både fagleg og menneskeleg.
  • Pastoralklinisk utdanning eller tilsvarande utdanning i sjelesorg er ønskjeleg.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram utvida barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
  • Vi ber søkjarane opplyse om dei har førarkort og disponerer eigen bil.
  • Den som blir tilsett, må leggje fram utvida barneomsorgsattest (politiattest), jf. Kyrkjelova § 29, 2. ledd.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar frå anna EØS-land må leggje fram attest som viser autorisasjon frå Kyrkjerådet til presteteneste i Den norske kyrkja. Vi gjer også merksam på krav om medlemskap i Den norske kyrkja og om å meistre norsk språk.
  • Med heimel i Arbeidsmiljølova § 13.4.2 blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagde.

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
  • Anna utdanning godkjend av Kirkerådet
  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)

Vi tilbyr:

  • Stillinga blir lønna etter hovudtariffavtalen i KA  som spesialprest, stillingskode 1465. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter fastsette vilkår. Den som blir tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtaler, særavtalar, reglement mv. og andre avgjersler som kan ha innverknad på tenesta.
  • Møre bispedømme legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Hustad
Publisert 2019-08-08
Søknadsfrist 2019-08-20
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme

Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger