Kapellan i Molde domprosti med Vågøy og Myrbostad sokn som særleg tenestestad.

Molde domprosti består av kommunane Molde, Eide, Fræna, Aukra, Midsund og Sandøy. Ved neste årsskifte blir Eide og Fræna kommunar slege saman til Hustadvika kommune. Frå same tidspunkt vert og Nesset kommune ein del av Molde domprosti medan Sandøy vert overført til Nordre Sunnmøre prosti. Det er i dag om lag 47.000 innbyggjarar i prostiet. Næringslivet i kommunane er prega av maritim verksemd, olje/gass og fiskeri. Fylkesadministrasjonen for Møre og Romsdal ligg i Molde. I prostiet finn ein både fjell, fjord og kystlandskap. Prostiet har 13 prestestillingar, medrekna prost og fengselsprest ved Hustad fengsel. Vi gjer merksam på at det for tida også er ledig stilling som prest ved Hustad fengsel. Det er godt fagleg samarbeid prestane imellom og i møte med sokneråd og fellesråd.

Det er ledig stilling som kapellan i Vågøy sokn og Myrbostad sokn i Molde domprosti.

Stillinga har Vågøy og Myrbostad sokn som særskilt arbeidsområde. Dei fire prestane i Fræna og Eide samarbeider om prestetenesta i dei fire sokna, Vågøy og Myrbostad, Bud, Hustad og Eide. Molde domprosti er tenestedistrikt. Prestane i Domprostiet møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Soknepresten i Vågøy og Myrbostad er næraste overordna.

Soknepresten og kapellanen i Vågøy og Myrbostad leier dei fleste gudstenestene i dette soknet. Dei har også nokre gudstenester i Bud, Hustad og Eide. Institusjonstenester og tenesteveker vert fordelte etter turnus. Prosten utpeikar ein av prestane som koordinator med særleg ansvar for samordning av arbeidet.

Prestane og dei fellesrådstilsette i Fræna har kontor- og stabsfellesskap på kyrkjekontoret i Elnesvågen. Det er kyrkjeverje, to organistar, kateket, kontorfullmektig, kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar. Fræna har ein godt utbygd trusopplæringsplan og kateketen har ansvar for trusopplæringa. Denne stillinga er finansiert ved trusopplæringsmidlar.

Vågøy sokn og Myrbostad sokn vart slått saman i 2012. Soknet har 2 kyrkjer. Vågøy og Myrbostad sokn har eit innbyggjartal på om lag 6.000, ligg rundt Frænfjorden og omfattar m.a. kommunesentret Elnesvågen. Mange unge familier har fått seg husvære i Elnesvågen og på Tornes, samt i Sylte/Malmefjorden som ligg nærast Molde. Også på Jendem på sørsida av fjorden der det er bygt mange nye hus, også her er det kort veg til Molde.

Myrbostad kyrkje ligg ca 3 km frå Elnesvågen sentrum, og er ei trekyrkje frå 1880 med omlag 450 sitjeplassar og om lag 50 gudstenester i året. Vågøy kyrkje ligg på sørsida av fjorden og er ei trekyrkje frå 1904 med omlag 550 sitjeplassar og er ei populær kyrkje for konsertar og andre arrangement. Det blir halde 1 gudsteneste i Tornes bedehus på nordsida av fjorden og 2 gudstenester om sommaren i Nordre Bjørnsund bedehuskapell. Til saman er det om lag 25 gudstenester i året i det som før var Vågøy sokn.

I Fræna er det fleire bedehus med god aktivitet. Elnesvågen bedehus blir mykje nytta av kyrkja til m.a. konfirmantundervisning og trusopplæringstiltak. I Hustad sokn er det òg ein leirstad eigd av Nordmøre og Romsdal Indremisjon. Mykje kyrkjebyggjande arbeid blir gjort av uløna medarbeidarar. Der er både barnekor og vaksenkor knytta til kyrkjelydane i Elnesvågen og på Hustad. Alle sokna har inngått avtale om misjonsprosjekt. I alle bygdelag er det misjonsforeiningar. Det finst søndagsskular i fleire bygdelag og speidararbeid fleire stader.

Du kan lese meir om Kyrkja i Fræna og Fræna kommune her.

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Kapellanene skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
  • Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
  • Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
  • Anna utdanning godkjend av Kirkerådet

Personlege eigenskapar:

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Skape godt samarbeid med ansatte og frivillige medarbeidarar.
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.

Vi tilbyr:

  • Stillinga vert Iøna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Det er eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til morgonbøn og tekstsamtale og andre kollega- og fagsamlingar.
  • Soknet kan hjelpe til med å finne bustad.
  • Vi ynskjer å leggje til rette for at presten i delar av si teneste skal ha høve til å arbeide med ting han/ho har særleg interesse for. Det vert lagt vekt på at prestane skal ha høve til fagleg arbeid og vidareutdanning, og i tillegg til permisjonar som vert tildelte av Regionalt etter- og vidareutdanningsutval, er det etablert ei lokal ordning for studiepermisjon som går på omgang mellom prestane i prostiet.
 
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Elnesvågen
Publisert 2019-08-08
Søknadsfrist 2019-08-20
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme

Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger