Sokneprest i Molde domprosti med særskilt tenestestad i Midsund sokn.

Molde domprosti består av kommunane Molde, Eide, Fræna, Aukra, Midsund og Sandøy. Ved neste årsskifte blir Eide og Fræna kommunar slege saman til Hustadvika kommune. Frå same tidspunkt vert og Nesset kommune ein del av Domprostiet medan Sandøy vert overført til Nordre Sunnmøre prosti. Det er i dag om lag 47.000 innbyggjarar i prostiet. Næringslivet i kommunane er prega av maritim verksemd, olje/gass og fiskeri. Fylkesadministrasjonen for Møre og Romsdal ligg i Molde. I prostiet finn ein både fjell, fjord og kystlandskap. Prostiet har 13 prestestillingar, medrekna prost og fengselsprest ved Hustad fengsel. Det er godt fagleg samarbeid prestane imellom og i møte med sokneråd og fellesråd.

Det er ledig stilling som sokneprest i Midsund kommune i Molde domprosti.

Prostiet er tenestedistrikt. Soknepresten har ansvar for prestetenesta i Midsund og arbeider i nært samarbeid med sokneprestane i Aukra og Sandøy. Soknepresten vil også gjere teneste i resten av domprostiet, primært i Molde. Prestane i prostiet møtest regelmessig til morgonbøn og tekstsamtale, og til andre kollega- og fagsamlingar. 

Soknepresten har kontor på rådhuset i Midsund. I tillegg til soknepresten består staben av kyrkjeverje, kantor, klokkar, trusopplærar og kyrkjetenarar. Trusopplæraren er nyleg tilsett og er i ferd med å lage ferdig ein fullskala trusopplæringsplan som kyrkjelyden er stolt av. 

Det er tre kyrkjer i kommunen, Otrøy kyrkje frå 1878 med gudsteneste annankvar søndag, Nord-Heggdal kapell frå 1974 med gudsteneste ein gong i månaden og Søre Midøy kapell (gamleskulen på Midøy) med fire gudstenester i året. Nynorsk vert brukt både i Midsund og i Aukra og Sandøy. I Molde vert det brukt bokmål. Soknepresten har gudstenester og andaktar ved Midsund sjukeheim

Det er god oppslutning om konfirmasjon i kommunen, og det er i hovudsak soknepresten som står for konfirmasjonsundervisninga. Det siste året har største delen av konfirmantprogrammet vore knytt til gudstjenestene. Det er etablert nokre fellesarrangement for konfirmantane i Midsund, Aukra og Sandøy, og det er ynskje om å utvikle dette vidare.

Tenesta som sokneprest i Midsund er brei og allsidig. Kyrkja, verksemda på bedehuset og i dei kristne organisasjonane har eit godt samarbeid. Dette samarbeidet er ein viktig del av den kyrkjelege heilskapen i Midsund. Kyrkjelyden har gjort ein innsats for at gudstenesta skal vere tilgjengeleg for storfamilien. Det er eit mål å vidareføre dette arbeidet. 

Her kan du lese meir:
Midsund kommune
Kyrkja i Midsund

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid. Soknepresten og resten av staben tek del i kyrkjelyden si trusopplæring og anna arbeid.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane. Nynorsk er nytta i kyrkje og skule.
  • Prestane i prostiet går inn i felles beredskapsordning.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
  • Anna utdanning godkjend av Kirkerådet

Personlege eigenskapar:

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Skape godt samarbeid med ansatte og frivillige medarbeidarar. 
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.

Vi tilbyr:

  • Midsund kommune har ny tenestebustad til disposisjon om dette er ønskeleg.
  • Stillinga vert Iøna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Det er eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til morgonbøn og tekstsamtale og andre kollega- og fagsamlingar.
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Midsund
Publisert 2019-08-08
Søknadsfrist 2019-08-20
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme

Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger