Sokneprest i Austre Sunnmøre prosti med Stordal og Liabygda sokn som særskild tenestestad

Austre Sunnmøre prosti består av kommunane, Ørskog, Stordal, Skodje, Norddal, Stranda og Sykkylven med til saman 10 sokn og eit folketal på om lag 21.000 innbyggjarar. Her er ein storslått natur prega av høge fjell og vakre, levande fjordbygder, med svært gode tilhøve for friluftsaktivitetar både sommar og vinter. Det er mange skitrekk og skiløyper i området. Geirangerfjorden med omland er med på UNESCO si verdsarvliste. Prostiet har 8 prestestillingar inklusiv prost. Det er eit godt fagleg samarbeid prestane imellom og i møte med sokneråd og fellesråd. Prostesetet ligg i Ørskog. Frå Stordal er det ein avstand til Ålesund på 45 minutt og til Molde 1,5 timar inklusiv ferje, og ligg i ein bu- og arbeidsmarknadsregion med 120 000 innbyggjarar. Næringslivet i kommunane er prega av industri, handel og transport. I området er det eit rikt kulturliv mellom anna med kor, korps og kulturskular. Det er god barnehagedekning i kommunane.

Det er ledig stilling som sokneprest i Stordal og Liabygda sokn i Austre Sunnmøre prosti.

Stillinga har Stordal og Liabygda som særskild tenestestad. Kommunane Stranda, Norddal, Stordal Ørskog og Skodje utgjer Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Tre prestar samarbeider nært på om prestetenesta i dei seks sokna Geiranger, Norddal, Liabygda, Stordal, Stranda og Sunnylven. I tillegg vil prostiet ha ein presteressurs på ca. 30% som gjer einskildtenester i dette området.

Det er i dag kontor på rådhuset i Stordal. Endringar i Storfjorden kyrkjelege fellesrådsområde frå nyåret, vil føre til ein del strukturelle endringar som ein enno ikkje har oversikt over. Det vil kunne få innverknad på prestetenesta til den einskilde prest. I fellesrådsområdet er det tilsett trusopplærar, kyrkjetenarar, organistar, kantor, kyrkjelydssekretær, rådgjevar økonomi og kyrkjeverje. Det er nettopp lyst ledig stilling i 100% som kateket/kyrkjelydspedagog i området. Vedkomande vil vere tungt inne i konfirmant- og trusopplæringsarbeidet. Det er samarbeid over soknegrensene i konfirmantarbeidet. Prestane i prostiet møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Prosten har sete i Kyrkjeleg fellesråd.

I Stordal sokn bur det ca. 1000 innbyggjarar. Stordal har ei fin og tiltalande langskipskyrkje frå 1907 med 250 sitteplassar. I Liabygda sokn bur det ca. 220 innbyggjarar. Kyrkja er ei vakker trekyrkje frå 1917, som fekk ny, tiltalande fargesetting innvendig til 100-årsmarkeringa. Begge kyrkjene er omkransa av velstelte kyrkjegardar. I begge sokna er det bedehus. I Stordal er det eit korarbeid knytt til bedehuset og i Liabygda driv nokre frivillige eit godt arbeid blant barn og unge, der trusopplærar også er involvert.

Det er svært god oppslutning om konfirmantarbeidet i sokna, med eit samarbeid på tvers av soknegrensene. Konfirmantane i Liabygda får konfirmantundervisninga saman med konfirmantane i Stranda sokn. Soknepresten vil ha hovudansvaret for konfirmantane i Stordal, med noko samarbeid med tilkomande kateket/kyrkjelydspedagog. Begge sokna har utarbeidd gode planar for trusopplæring, og mange faseprogram vert gjennomførde. 

Etter gjeldande gudstenesteforordning har Stordal 28 hovudgudstenester på søn- og helgedagar for året, og Liabygda 16. Prestane fordeler gudstenestene seg imellom i heile prostiet. Det er diakoniutval, gudstenesteutval og trusopplæringsutval i Stordal sokn. Soknepresten har gudstenester og andakter ved omsorgsbustadane i begge sokna.

Vi vil informere om at det for tida også er ledig stilling i prostiet som sokneprest i Stranda-Sunnylven, og kateket/kyrkjelydspedagog i fellesrådsområdet.

Du kan lese meir om området på desse linkane:
Standafjellet Skisenter
Overøye Alpintanlegg
Stordal kommune

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid. Soknepresten og resten av staben tek del i kyrkjelyden si trusopplæring og anna arbeid.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Prestane i prostiet går inn i felles beredskapsordning.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Målforma i området er nynorsk.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
  • Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
  • Anna utdanning godkjend av Kirkerådet

Personlege eigenskapar:

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Skape godt samarbeid med øvrige ansatte og frivillige medarbeidarar.
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.

Vi tilbyr:

  • Stillinga vert Iøna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Det er eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
  • Vi ønsker å legge til rette for at presten i delar av si teneste skal ha høve til å arbeide med ting han/ho har særleg interesse for. Det vert lagt vekt på at prestane skal ha høve til fagleg arbeid og vidareutdanning, og i tillegg til permisjonar som vert tildelte av Regionalt etter- og vidareutdanningsutval, er det etablert ei lokal ordning for studiepermisjon som går på omgang mellom prestane i prostiet.
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ørskog
Publisert 2019-08-08
Søknadsfrist 2019-08-20
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme

Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger