Kapellan / ungdomsprest i Øvre Telemark prosti med sokna i Tokke og Vinje som tenestestad

Tokke kommune og Vinje kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom Oslo og Stavanger. Båe kommunane har ein bygdestruktur og er rike på naturressursar. Til saman bur her rundt 6.000 innbyggjarar på eit stort areal som strekkjer seg frå Telemarkskanalen til Hardangervidda. Dalen er kommunesenter i Tokke og kanskje mest kjent for eventyrhotellet Dalen hotell frå 1892, men er også prega av industri og ulike tenesteytande verksemder. Åmot, kommunesenteret i Vinje, er regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av dei mest omfattande hytteutbyggingane i landet har funne stad gjennom fleire år. Skitilbodet er unikt. I dei to kommunane er det 11 soknekyrkjer og 2 fjellkyrkjer.

Om kyrkjelydane
I Tokke og Vinje er det seks kyrkjesokn med sokneprest i kvar av dei to kommunane og felles ungdomsprest fordelt med 60% i Vinje og 40% i Tokke. Denne stillinga inngår i to kyrkjestabar, ein stab lokalisert på Dalen, og den andre på Vinjar, nær Vinje kyrkje. Ungdomspresten vil ha tilgang til kontor båe stader. Kyrkja har ein viktig plass i bygdene her med særleg god oppslutning om kyrkjelege handlingar og eit godt samarbeid mellom skule og kyrkje.

Arbeidsgjevar kan hjelpe til med å skaffe bustad.

Øvre Telemark rommar 12 kommunar med 19,5 presteårsverk og prostesete i Seljord. Prestane møtest jamleg til tenestekonferansar og studiesamlingar, og det er gode samarbeidstilhøve.

Eit stort satsingsområde i prostiet er konfirmant- og leiartreningsprogrammet «Ønsket og elsket» med felles konfirmantleir om sommaren og helgesamlingar for ungdomsleiarar gjennom året. Her vil ungdomspresten samarbeide tett med ungdomsarbeidarar frå heile prostiet og «Ønsket og elsket» sin eigen stab.
Tokke og Vinje har kvar sine kyrkjeverjer og kyrkjetenarar, men deler trusopplærar og organist. Tokke  og Vinje har også felles prostidiakon med Fyresdal, Nissedal og Kviteseid.

Kyrkjelydane sin visjon
Vi ønskjer at kyrkja skal vere møteplass å rekne med for alle generasjonar i alle livets ulike faser.

Satsingsområde
o Konfirmant- og ungdomsarbeid
o Leiartrening for ungdom 

For øvreg:

Den som vert tilsett må rette seg etter:
- Endringar i tenesteordning for kyrkjelydsprestar og reglar om lønnsforhold og aldersgrense for geistlege tenestemenn.
- All avgjersle som måtte bli teken vedrørande tenesta og tenestestad.

Målforma i sokna er nynorsk, og den som søkjer må kunne stadfeste at han/ho kan nytta båe målformer.

Kvinner vert oppfordra til å søka.

Det kan bli stilt særlege krav til samlivsform i tråd med Likestillings- og diskrimineringslova § 30. 

Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

           

 

Arbeidsoppgåver:

  • konfirmant-, ungdoms- og leiararbeid
  • trusopplæring
  • gudstenester og kyrkjelege handlingar

Kvalifikasjonar:

  • cand. theol. med praktikum eller tilsvarande

Personlege eigenskapar:

  • kan kommunisera godt med ungdom
  • god samarbeidsevne og syn for heilskapen i kyrkjelydane

Vi tilbyr:

  • lønn som kapellan i stillingskode 0922
  • etter- og vidareutdanning
  • godtgjersle etter gjeldande satsar
  • pensjonsinnskot
  • arbeidsrettleing (ABV)
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vinje
Publisert 2019-11-05
Søknadsfrist 2019-12-01
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger