Forsamlingsleiar

Moster indremisjon driv bedehuset Salem i Mosterhamn på Bømlo og er tilknytta Indremisjonssamskipnaden. Salem har møte kvar sundag i nytt og tenleg bedehus og samlar over 100 deltakarar, mellom dei mange barnefamiliar. Bedehuset driv elles eit omfattande arbeid for barn, unge og vaksne.

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har kall eller interesse innan eitt eller fleire av desse arbeidsområda:

• Forkynning og undervisning

• Forsamlingsbygging

• Ungdomsarbeid og leiarutvikling

Ein viktig del av arbeidet vil vere å følgje opp og vidareutvikle eksisterande arbeid. Endelege ansvarsområde og arbeidsinstruks vil bli utforma i dialog med den som blir tilsett. Vi ønskjer å nå barn, unge og vaksne på Moster med evangeliet om Jesus Kristus, og søkjer ein person som kan samarbeide og kommunisere godt med alle generasjonar og arbeide strategisk og langsiktig.

Den tilsette vil vere tett på Indremisjonssamskipnaden når det gjeld fellesskap med andre tilsette, kurs m.m., men styret i Moster indremisjon vil ha dagleg personalansvar og oppfølging. Vi føreset at søkjar vedkjenner evangelisk-luthersk tru, kan arbeide i tråd med Indremisjonen sitt verdidokument og med føremål og verdiar som gjeld for Salem Moster.

Lønn og andre vilkår etter avtale.

Dokument som gjeld verdiar og føremål, lov for Moster Indremisjon m.m. er lagt på vår heimeside, www.salemmoster.no. Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Arne Borgemyr, telefon 413 20 375. Søknad med CV sendast til post@salem-moster.no.

Søknadsfrist: 7. januar 2020

Arbeidsgiver Salem Moster
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Bømlo
Publisert 2019-11-20
Søknadsfrist 2020-01-07
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Salem Moster

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger