Organist / kyrkjelydsmusikar

Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt området er sokna runde Storfjorden på Sunnmøre, kjend for den ville og flotte naturen, dei mange historiske fjellgardane, lokalsamfunn med varierte aktivitetar og merkevarer, turistbygda Geiranger, Stordal og Stranda med sine ski- og alpinanlegg. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd vil frå nyttår 2020 bestå av 6 sokn med omlag 7200 innbyggjarar. Det vil vere om lag 10,5 årsverk fordelt på 14 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovedkontor vert i Stranda.

Storfjorden kyrkjelege fellesråd søkjer etter  Organist / kyrkjelydsmusikar i 40%  fast stilling. Hovudoppgåvene blir å spele til gudstenester og kyrkjelege handlingar i fellesrådsområdet, med hovudvekt i Stranda og Stordal sokn. Det bur mange dyktige musikarar og songarar i kyrkjelydane som ein kan samarbeide med. Stillinga kan kombinerast med kyrkjelydspedagog / trusopplærarstillinga, og vil då få oppgåver knyta til born og unge i heile fellesrådsområdet, eller kombinerast med anna arbeid.

Arbeidsoppgåver:

  • Teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • I samarbeid med staben og frivillige medarbeidarar delta i annan kyrkjemusikalsk verksemd i kyrkjelydane, m.a. konsertar, jule- og påskevandringar, trusopplæringstiltak, kor, fellesskapssamlingar og stabsmøter.
  • I samarbeid med våre to kantorar bidra til eit variert og allsidig song- og musikkliv i kyrkjelydane, i samsvar med råda sine gjeldande mål og planar.

Kvalifikasjonar:

  • Vi ynskjer ein person med godkjend kantorutdanning i hht tenesteordning for kantorar, eller med anna relevant utdanning / erfaring innan kyrkjemusikk.
  • Må beherske ulike musikksjangrar. Ynskjeleg med erfaring frå kor- og konsertarbeid, samt arbeid med born og unge.
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar:

  • Vi ynskjer ein allsidig musikar som kan bidra inn i det kyrkjebyggande arbeidet
  • Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Politiattest må kunne framleggast i henhald til kyrkjelova §29

Vi tilbyr:

  • Ein god og triveleg arbeidsplass med kontor i Stranda kyrkjekontor
  • Godt fellesskap og samarbeid med frivillige, sokneråd og lag i bygdene.
  • Tilsetjingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tiltreding 01.01.2020 
Arbeidsgiver Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Stranda
Publisert 2019-11-22
Søknadsfrist 2019-12-04
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
Stranda
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger