Sokneprest i Indre Romsdal prosti med Tresfjord og Vike sokn som særleg tenestestad

Indre Romsdal prosti omfattar frå 2020 kommunane Vestnes og Rauma med til saman 11 sokn og ca 13.500 medlemer i Den norske kyrkja. Prostesetet ligg på Åndalsnes og prostiet har fem stillingar som kyrkjelydsprest fordelt på to samarbeidsområde. Vestnes og Fiksdal sokn utgjer, saman med Tresfjord og Vike sokn, eit av samarbeidsområda i prostiet. Det er 2 prestar i samarbeidsområdet. Vestnes kommune er delt i tre av to fjordar: Tresfjorden i aust og Tomrefjorden i vest. Kommunen er omkransa av dei vakre Vestnesfjella. Høge fjell og djupe fjordar gjev høve til rike naturopplevingar i fjellet og på sjøen for store og små. Mellom anna er Ørskogfjellet i sør ein populær utfartsstad for friluftsliv.

Det er ledig stilling som sokneprest i Tresfjord og Vike sokn i Vestnes kommune i Indre Romsdal prosti.

Stillinga har sokna Tresfjord og Vike som særskilt arbeidsområde og sit i desse sokneråda. Presten gjer og teneste i eit samarbeidsområde som geografisk fell saman med Vestnes kommune. Heile Indre Romsdal prosti er tenestedistrikt. Den andre soknepresten har sete i Vestnes og Fiksdal sokneråd. Begge prestane gjer teneste i heile samarbeidsområdet. Ein må også rekne med nokre tenester i prostiet for øvrig.

Det er kyrkjeverje i 100% stilling, 2 organistar i til saman 125% stilling, kontorfullmektig i 80% stilling, diakon i 100% stilling, trusopplæringsmedarbeidar i 80% stilling, samt klokkarar og kyrkjetenarar i mindre deltidsstillingar. Prestane og dei fellesrådstilsette har kontor- og stabsfellesskap ved kyrkjekontoret på Vestnes. Kontora er lyse og trivelege. Kontorbygningen inneheld også gruppe- og aktivitetsrom.

Tresfjord sokn, med om lag 1015 medlemmer, har ei tradisjonsrik kyrkje bygd i 1828. Rett ved kyrkja ligg kyrkjestova som eit tenleg lokale. Det er ca 22 gudstenester i året i Tresfjord sokn.

Vike sokn, med om lag 331 medlemmer, har ei arbeidskyrkje frå 1970.
Det er ca 16 gudstenester i året i Vike sokn.

Det vert regelmessig halde friluftsgudstenester i alle sokna. I samarbeidsområdet er det fleire bedehus med god aktivitet.

Det er stor oppslutnad om dåp og konfirmasjon i både Tresfjord og Vike.
Kyrkjelydane har eigne diakoniutval. Trusopplæring er organisert i begge sokna. Mykje anna kyrkjebyggjande arbeid blir også gjort av uløna medarbeidarar. Vestnes kommune har ein svært aktiv kulturskule. Kantoren har eit nært samarbeid med profesjonelle og andre song- og musikkutøvarar i gudstenester og til song- og musikkarrangement.

Språkforma i kyrkjene er nynorsk. Vestnes har om lag 6600 innbyggjarar. Det er eit godt samarbeid mellom kyrkja og kommunen. Kommunen har gode kommunikasjonar, med snøggbåt og ferje til Molde. Til Ålesund er det om lag ein time å køyre. Avstanden til Åndalsnes er om lag 40 minutt.

Næringsgrunnlaget er dominert av jordbruk og skipsbygging. Vestnes er kommunesenteret med kommuneadministrasjon, legesenter, sjukeheim, omsorgsbustader, kyrkjekontor og eit stort kjøpesenter. Vestnes kommune har god barnehagedekning og har i dag fire kommunale skular og ein privat barneskule. Det er eit godt og konstruktivt samarbeid mellom kyrkje og skule. Kommunen er og bukommune for flyktningar.

Arbeidsoppgåver:

  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
  • Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Vi ønsker helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngje dette, jf. Offentleglova § 25.

Personlege eigenskapar:

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Stillinga vert Iøna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Det er eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til morgonbøn og tekstsamtale og andre kollega- og fagsamlingar.
  • Heimeside: http://www.rauma.kirken.no/index.phtml
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vestnes
Publisert 2019-12-05
Søknadsfrist 2019-12-18
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger