Rektor

 

Det vert ledig fast stilling som rektor ved Møre barne- og ungdomsskule frå 01.08.2020. Søknadsfristen er 3. januar 2020

Rektor

  • er dagleg leiar med pedagogisk og administrativt leiaransvar, i tillegg til ansvar for personale og elevar
  • har skulestyret med styreleiar som næraste overordna
  • står pr i dag i skuleleiing saman med assisterande rektor, avdelingsleiarar for ungdomstrinn, mellomtrinn, småskuletrinn, SFO-leiar og kontormedarbeidar
  • har ansvar for om lag 35 tilsette fordelt på 25 årsverk
  • har ansvar for om lag 150 elevar fordelt på 1.-10.trinn

 

Skulen søkjer ein rektor som

  • har kristen tru og tydeleg engasjement for skulen
  • har praktisk skuleleiarerfaring og pedagogisk kompetanse
  • har gode evne til samarbeid, kommunikasjon og motivasjon
  • er godt kvalifisert til arbeidet, både gjennom formell og uformell kompetanse
  • evnar å utvikle skulen i tydeleg retning som pedagogisk institusjon og kristen skule
  • er omgjengeleg, løysingsorientert og strukturert
  • har erfaring med kristent arbeid

Skulen tilbyr

  • samarbeid med fagleg sterkt personale
  • spennande og godt arbeidsmiljø
  • kristent fellesskap med trivelege kollegaer
  • gode kontorfasilitetar i nytt skulebygg
  • god nærleik til alle tettstadar og byar på Søre Sunnmøre
  • lønn etter avtale

Rektor må bekjenne seg til skulen sitt kristne verdigrunnlag, fremje skulen sitt kristne formål og forplikte seg på skulen sitt verdidokument. Stillinga er vurdert til å vere omfatta av untaksreglane i likestillings- og doskrimineringslova § 9 og § 30, 3. ledd. 

SØKNAD PÅ STILLING

Søknadsfristen er 3. januar 2020. Ein søknad på stilling ved skulen skal sendast elektronisk til post@moreskule.no, og må innehalde:

  • Søkjetekst med generell orientering om søkjar. Det bør framgå kvifor ein søkjer stillinga, og orientering om eventuell tidlegare tilknytning til kristne skular eller kristent arbeid generelt.
  • CV (vitnemål og attestar vert etterspurt ved behov)

 

KONTAKT

Om du har spørsmål knytt til skulen og stillinga kan ein ta kontakt med Knut Einar Tokheim, rektor@moreskule.no,  70 08 05 50 / 481 70 106 

Arbeidsgiver Møre barne og ungdomsskole
Kategori Utdanning og forskning
Arbeidssted Gurskøy
Publisert 2019-12-12
Søknadsfrist 2020-01-03
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Møre barne og ungdomsskole

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger